annett ranes lilly gunn nyheim2

Det handlar om liv eller død - ikkje rør ambulansetenesta vår!

Styret i Surnadal Arbeiderparti stiller krav til Helse Møre og Romsdal, om at ambulansetenesta i kommunen må oppretthaldast, trass dei varsla innsparingstiltaka i helseforetaket.

Surnadal Arbeiderparti (Surnadal Ap) møtte laurdag lokalpressa med eit tydeleg bodskap, i form at eit opprop kalla dei har valt å kalle "Det handlar om liv eller død - ikkje rør ambulansetenesta vår!".

Helse Møre og Romsdal har i dag 33 ambulansestasjonar med varierande storleik. Nyvalgt leiar i Surnadal Ap og sittande ordførar, Lilly Gunn Nyheim, fortel at partiet er sterkt uroa over det som skjer i helseforetaket for tida.

Helse Møre og Romsdal har vedteke å spare inn tilsvarande 200 stillingar, og difor går Nyheim og ordførarkandidat og styremedlem i Surnadal Ap, Annett Ranes, no ut med ein formell uttale.

– I Surnadal har vi ei ambulanseteneste med godt kompetente ansatte. Tenesta er bygd på fagkunnskap og det er også god lokalkunnskap. Begge delar er særs viktige ved utrykning, og Surnadal Arbeiderparti vil forsikre oss om at ambulanseteneste vår, folkets tryggleik, blir ivareteke gjennom alle innsparingstiltaka som no er i emning, heiter det i uttalen.
 

Støttar ordførarkorpset fullt ut

Nyheim fortel at lokalpartiet og støttar fullt ut brevet som eit samla ordførarkorps på Nordmøre nyleg skreiv til styret i Helse og Møre og Romsdal. Der slo ordførarkorpset fast følgjande punkt:

- Dersom forslagene om nedleggelse av fødeavdelingen i Kristiansund og Aure rehabiliteringssenter vedtas, legger ordførerne frem sak om oppsigelse av samtlige samhandlingsavtaler.
- Kommunene vil samtidig forlate alle samhandlingsarenaer med Helse Møre og Romsdal.
- Ordførerne vil også oppfordre sine innbyggere til å benytte seg av fritt sykehusvalg

– Vi kan ikkje sjå anna enn at alle desse såkalla innsparingstiltaka rammar pasientar og befolkninga i Møre og Romsdal, og spesielt på Nordmøre. Vår meining er at helseminister Bent Høie må ta ansvar og rydde opp, skriv Surnadal Ap i laurdagens uttale.


Advarer mot reduksjon

Nyheim, Ranes og resten av styret i Surnadal Ap advarer på det sterkaste mot reduksjon og innsparingar i dei prehospitale tenestene, som i Surnadal hovudsakeleg er ambulansetenesta.

– I Surnadal har vi to døgnbilar, og både ambulansen i Halsa og Rindal fungerer som reservebilar til Surnadal, og Surnadals bilar er reserve til Halsa og Rindal. Ved Rindal sin overgang til Trøndelag kan rindalsambulansen få tilhaldsstad i Meldal, og dermed lengre unna Surnadal, seier Nyheim.

Ho og resten av partiet stiller og spørsmål ved kva som vil skje med ambulansen i Halsa når dei blir ein del av Heim kommune ved komande årsskifte.

Dette er bakgrunnen for kravet til Surnadal Ap, om at ambulansetilbodet i Surnadal vert oppretthalde minst på dagens nivå. 

– Vi har jobba med denne saka ei stund, og føler at dette kravet må komme no, før det kjem konkrete forslag om kvar ein skal spare inn på den prehospitale tenesta, seier Nyheim og Ranes.


– Dette kan vi ikkje godta

I laurdagens uttale, viser styret i partiet til at Surnadal Ap ved fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Ap, fekk med seg årsmøtet på å forsterke uttalen om helse. Dette for å sikre at den og inkluderte eit nei til reduksjon i dei prehospitale tenestene.

– Helse Møre og Romsdal kallar det "Tilpassing av prehospitale tenester og intensivtilbodet (akuttprosjektet)" og dei forventar at iverktreden er 1. september 2019. Det kan vi ikkje godta, skriv styret i Surnadal Ap om kvifor dei no kjem med uttalen til både Helse Møre og Romsdal og media.

– Når vi seier at det handlar om liv eller død, er det faktisk ikkje sett på spissen - for det er jo nettopp det det gjer, sier Annett Ranes.

annett ranes lilly gunn nyheim 690.jpg
Ordførarkandidat Annett Ranes og nyvalt leiar i Surnadal Ap, Lilly Gunn Nyheim, som og er sittande ordførar i Surnadal, krev at ambulansetilbodet i Surnadal vert oppretthalde minst på dagens nivå.


Surnadal Arbeiderparti er medlem av Trollheimsporten.