Leserinnlegg

Utseg frå årsmøtet i INF

Det framtidige Heimevernet – ”fotavtrykket” som vert borte

Årsmøtet i Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) er sers uroa over dei foreslåtte endringane i Heimevernet. Forsvarssjefen sitt forslag om reduksjon av antall HV-soldater frå dagens styrketal på 45.000 til 30.000 i framtida vil medføre at det blir vanskeleg å finne ”fotavtrykk” av desse i HV-områda som ligg innanfor INF sitt nedslagsfelt. Det skriv INF i ein uttale frå årsmøtet 20. februar 2012:

 

Denne utsegna vart vedteke på årsmøtet i INF Surnadal 20. februar 2012 - Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) er medlem av Trollheimsporten med informasjonsside - bli medlem - alle her!

DET FRAMTIDIGE HEIMEVERNET – ”FOTAVTRYKKET” SOM VERT BORTE

Årsmøtet i Indre Nordmøre Forsvarsforening ( INF ) er sers uroa over dei foreslåtte endringane i Heimevernet. Forsvarssjefen sitt forslag om reduksjon av antall HV-soldater frå dagens styrketal på 45.000 til 30.000 i framtida vil medføre at det blir vanskeleg å finne ”fotavtrykk” av desse i HV-områda som ligg innanfor INF sitt nedslagsfelt. Vi er redd for at HV vil bli prioritert kring byane og sterk befolka område. Vi vil få ein sterk svekka beredskap i distrikts-Noreg. Når det i tillegg vert foreslege at Møre og Fjordane HV-distrikt 11 blir lagt ned, noko som fører til at det blir ingen distriktsstab med leiing av avdelingar mellom Bergen og Værnes, vil dette igjen medføre at effekten ytterlegare blir svekka.
 
Når ein veit at Nordvest-landet er sterkt utsatt frå naturens side med ras,flom og stadig eit verlag som øydelegg infrastruktur med isolererte lokalsamfunn, er HV sine ressursar sers viktig å kunne nytte ut frå bestemmeler i HV-lova. Også innan INF sine lokalsamfunn er vi blitt stadig blitt påmind om dette. Det er nok å nemna nyttårsorkanen i 1992, julestormane i 2011 og stadig flom og ras i nærområdet.
 
Då er lokalkjend leiing og mannskaper saman med godt utstyr sers viktig.
 
Ut frå den store omstruktueringa som skjedde i 2005, er dagens HV absolutt på eit minimum.
 
INF er også uroa over at forsvarsviljen på sikt kan bli svekka i takt med bortfall av HV-avdelingar.
 
Årsmøtet i INF vil på det sterkaste oppmode våre folkevalgte å syte for at HV får tildelt nok ressursar til at det” fotavtrykket” vi har i dag kan fortsette og heller styrkast. Den distrikts- og områdestruktur vi har i dag må bestå, då dette er ein svert rimeleg og god beredskapsorganisasjon for den landsdelen vi bur i, både for den militære og sivile beredskapen.
 
Utsagn vedteke på årsmøtet i INF Surnadal 20.02.2012.