
Det er ingen skam å snu!
Du finn alle lesarbreva på Trollheimsporten her på leserinnlegg. Trond Skogseth (til høgre) fortset slik:
Beklagelegvis kjem det ingen slike signal frå verken Surnadal kommune eller Trollheimstunnelen AS. Både ordførar Otnes og styreleiar Brøske driv sitt innkøyrde tospann uforstyrra vidare med bodskapen om at Trollheimstunnelen er det einaste saliggjerande i høve til å få til eit døgnope indre Nordmøre, utan at dei i mine auge lykkast i å overtyde oss om kvifor det er slik. På meg verkar det som heile Trollheimstunnelen stør seg på eit vaklevore fundament av fleire omstridde og i beste fall dårleg dokumenterte påstandar:
Påstand 1: Vurdering av nye traséalternativ kan sette heile prosjektet med ferjefritt samband mellom Surnadal og Sunndal i fare.
Slik eg har forstått det er det ferjeavløysingsprosjektet som er prioritert hos fylket, ikkje sjølve traséen, tunnelen. Representantar for Fylket har tidlegare sagt at kommunane kan endre traséinnstilling. Det har kome klare signal frå Tingvoll og Kristiansund om at dei sterkt ønskjer ei bruløysing, og det er vanskeleg å forstå at ei løysing som samlar fleire tilhengarar i regionen skulle vere vanskelegare å få gjennomført.
Påstand 2: Alternativet med bru og tunnel er mykje dyrare enn langtunnelen.
Rett nok har vegvesenet presentert tal som viser at brualternativet er 30 prosent dyrare enn langtunnelen, men samtidig har dei òg informert om at desse tala er budsjettoverslag med ein feilmargin på opptil 40 prosent. Det er underleg at eit så langsiktig vedtak skal kunne baserast på eit så usikkert grunnlag. Bruforkjemparane sine tal viser at brualternativet er konkurransedyktig òg kostnadsmessig, og ikkje minst kan dei dokumentere langt lågare driftskostnadar. Statens vegvesen har så langt nekta innsyn i bakgrunnsmaterialet for kalkylene sine.
Påstand 3: Detaljreguleringa av tunnelalternativet må starte no.
Det er vanskeleg for meg å forstå at det er slik bråhast med å påstarte detaljregulering av eit prosjekt som ligg minst 10 år fram i tid. For tidleg regulering kan til og med føre til at plana blir forelda og må gjerast på nytt. Det er difor tid nok til å utgreie brualternativet og regulere dette, viss vilja er der og tida ikkje blir brukt på å ri kjepphestar.
Påstand 4: Surnadalingar flest ønskjer seg tunnelen på plass så raskt som muleg.
Brøske/Otnes vart referert på dette i fredagens Driva, men så vidt eg veit har det ikkje vore gjort noko undersøking om innbyggjarane sitt syn på dette. Inntrykket mitt er at svært mange ønskjer seg brualternativet fordi dei meiner at det vil gi ei betre og meir framtidsretta vegløysing for Surnadal og regionen, men at dei samtidig er skremde av propagandaen om at ”toget er gått”. Til og med todalingane verkar å vere svært delte i denne saka; eg har tala med mange, både unge og eldre, som fryktar at Trollheimstunnelen vil vere øydeleggande for heimbygda. Over 2000 personar har til no skrive seg på brugruppa si liste mot Trollheimstunnelen (www.trollheimsbrua.no).
Påstand 5: 80 prosent av trafikken over dette sambandet vil gå mellom Surnadal og Sunndal, og den auka køyrelengda mellom Surnadal og Tingvoll på 18 km som Trollheimstunnelen vil innebære difor ikkje er så viktig.
Sjølv om trafikkmønsteret kanskje er slik i dag, blir det feil å bruke denne statistikken for å prognostisere for framtida. Det bør vere innlysande at brualternativet vil auke trafikken frå Krifast og Tingvoll i retning Surnadal/Trondheim (og omvendt) betydeleg, og særleg inntil ferjefri E39 over Halsafjorden eventuelt kjem på plass (2050?).
Påstand 6: Svinvika vil bli rasert av brualternativet.
Eit vegkryss og brùkar i Svinvik-området vil naturleg medføre inngrep, men før ei endeleg løysing er prosjektert veit ein ikkje korleis dette blir. Mykje kan sikkert gjerast for å gjere inngrepet så skånsomt som muleg. Ein må heller ikkje gløyme at ny veg og tunnelinnslag i Todalen vil føre til store negative konsekvensar for langt fleire heimar og gardar der.
Eg håpar at politikarane både i Surnadal og Sunndal innser at grunnlaget for å gå vidare med Trollheimstunnelen er for dårleg, og at vi må skaffe oss meir informasjon før endeleg traséval blir fatta. Difor gjer kommunestyra i både Sunndal og Surnadal rett i å krevje at alternativet med bru og kortare får ei seriøs vurdering som eit reelt traséalternativ, slik at det kjem klart fram kva dette innebær, både når det gjeld eigentlege kostnadar, gevinster og tidsline.
Eg føler meg trygg på at viss vi no snur i tide, vil vi kunne realisere ei løysing som er rimelegare, kortare, vakrare, meir samlande, fleksibel, og skånsom – og i sum langt betre enn den unødvendig lange tunnelen og omvegen vi styrer mot no.
Trond Skogseth