Deler viktig kunnskap
Praksisrettleiarane på Surnadal sjukeheim er gull verdt for elevane på vg2 helsefag på Surnadal vidaregåande skole. I løpet av skuleåret er elevane utplassert tre dagar i veka over ein periode på 9 veker før jul, og 9 etter.
Surnadal vidaregåande skole og Surnadal sjukeheim har eit tett og godt samarbeid gjennom heile skuleåret.
– Det er ein vinn-vinn situasjon. Elevane får verdifull praksis, og vi får rekruttert ungdom til eit viktig yrke, seier fagutviklingssjukepleier Ingunn Mikkelsen.
Praksisrettleiarane si oppgåve er å følgje opp elevane på arbeidsplassen, og vere ein viktig støttespelar. Rakel Bjerkås, Sol Rodal, Kristin Røen og Nina Therese Hakstad er alle elevar på vg2 helsefag, og er utplassert på ulike avdelingar på sjukeheimen. Dei er fulle av lovord om rettleiarane og praksisplassen sin.
- Det er både morosamt, spanande og veldig lærerikt å få prøve seg på verkelege brukarar. Vi lærar mykje kvar einaste dag, seier jentene som skryter av sine rettleiarar.
- Dei er kjempeflinke og er veldig gode til å forklare, smiler elevane.
Sissel Krangnes er ein av dei som har teke på seg oppgåva som rettleiar.
- Det er lærerikt for meg òg. Eg må tenkje godt over kva eg gjer, og lære bort kunnskapen eg sit med på ein god måte. I tillegg er det viktig å vere blid og positiv, og få elevane til å føle seg velkomne. Det er artig å ha besøk av dyktige elevar, og det er flott at dei får kjennskap til dette flotte yrket, seier Krangnes.
På bildet ser vi:
Bakerst f.v: Ingunn Mikkelsen, Haldis Holmeide, Ida Kristin Rotås, Gunn Aita Næss Aune, Oddveig Myklegard, Sissel Krangnes og Hege Røe.
Framom f.v: Sol Rodal, Rakel Bjerkås, Kristin Røen og Nina Therese Hakstad.