Åsskard kyrkje

Deilig er den himmel blå i Åsskard

Deilig er den himmel blå! Den skal me òg syngja i Åsskard kyrkje sundag 8.januar kl.11:00. Vandringa dei tre vise menn la ut på, skal vera som ein tematikk. Ingrid Aasbø skal berast til dåpen, og me skal samle oss rundt altarringen til nattverd. Velkommen til kyrkje!

 

Gudstenesta er ved sokneprest Lene Gåsvatn, som har sendt oss invitasjonen med søndagsteksta og oversyn over gudstenesta.

 

 

Matt 2,1-12

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
          
   
Du Betlehem i Juda land,
          
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
          
For frå deg skal det koma ein fyrste,
          
ein hyrding for mitt folk Israel.»
Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

GUDSTENESTE – Åsskard 8. jan. 2012


 

Preludium - Dåpsprosesjon
* SALME 618 FYLT AV GLEDE

 

Inngangsord ved presten

 

I: Mottaking til dåp
       Liturgen innleiier om dåpen / Medliturg les "Dei bar småborn ..." (Markus 10.13-16)
       Takkebøn (evt. ved medliturg)
       Om dåpen/trua / Medliturg(?) les dåpsbefalinga: "Eg har fått all makt ..." (Matt. 28.18-20)
       Forsaking og Truvedkjenning
II: Dåpen
       Bøn / Vatn i døypefonten / Dåpsfølgjet kjem fram / Dåpshandlinga
III: Livet i dåpen
       Dåpslys og bilete / Jesus som lyset i verda / Ord til kyrkjelyd/foreldre/fadderar
* Dåps-SALMEN erstatta av
Duett/solo-innslag
.............

<Deretter går vi vidare med "dagens" gudsteneste:>


Samlingsbøn ("Kollektbøn") -
Amen
Syndsvedkjenning (i ei eller anna form – Lene bestemmer!)
Kyrie (Bønerop)  og Gloria (Lovsong) - vanleg

1. tekstlesing Jesaja 49.1-7: <Frå mors liv har Herren kalla meg ... / om Tenesta>

 

* SALME 98 KRISTUS ER VERDENS LYS

2. tekstlesing Rom. 15.4-6 <Håp, trøyst og tolmod i Gud /kristent fellesskap>

 

* SALME 93 DEILIG ER DEN HIMMEL BLÅ (vers 1 –5)

Preike - pr.tekst Matt 2.1-12 <Om dei vise menn >   ............................................

 

* SALME 93 (forts., vers 6-7)

Kunngjeringar

Forbøn

Takkoffer

Bøn for takkofferet

* SALME før nattverden 642 NÅR VI DELER DET BRØD
- Nattverdliturgi / Fadervår / Nattverdmåltid

* SALME under nattverden 86 NAVNET JESUS
- Avslutning av nattverden


* Slutt-SALME 597 SKRIV DEG, JESUS, PÅ MITT HJERTE

Vanleg avslutning med velsigning

3 x 3 klokkeslag


 

Postludium