IMG_6690_1024x683

Debatt om språk under press

Tor Erik Jenstad fokuserte på både global og muleg framtidig, lokal språkdød under språkdebatten som i dag vart arrangert i regi Driva og Vårsøghelga. Jenstad tok utgangspunkt i språkdøden som skjer globalt, og det faktum at vi i løpet av få år kan få redusert talet på språk i verda frå ca 6000 til omlag 3000, altså ei halvering. Han var bekymra for at det tapte mangfaldet også kan bli ein realitet innanlands. Han meinte dialektmangfaldet i landet vårt er under press, og at dette kan føre til regionalisering og i verste fall standardisering av språket. Jenstad såg også på minkande ordforråd og standardisering av språket som ein trussel, ikkje berre mot språket, men mot heile samfunnet.

IMG_6690_715x477.jpg

Gemyttleg tone under språkdebatten i Svorkasalen. Frå venstre Trond Skogset, Jenny Klinge, Tor Erik Jenstad og Sondre Ormset. Alle foto: Norunn Holten

Utan nærare ettertanke kan det kanskje vera vanskeleg å sjå for seg at ei standardisering av språket skal kunne få så alvorleg konsekvensar. Jenstad illustrerte problemet på ein svært så konkret og enkel måte, ved å vise at ei standardisering av språket lett også kan gjera oss menneske meir standardiserte. Han peika på at kvart språk på sett og vis ber i seg eit eige, unikt verdsbilde. Dersom vi alle hadde akkurat same språk, så begynte vi kanskje også å tenkje meir likt. Dette kan gjera oss lettare å manipulere for nokon som ønskjer å styre oss. Sjølv om ordet demokrati ikkje vart nemnt i debatten, er det klart at eit rikt språk følgjeleg vil vera viktig for eit levande demokrati.

Innskrenking av ordforrådet vart også tatt opp av ein annan paneldeltakar, Jenny Klinge, som peika på at dersom nokon manglar ord på eit område, vil det bli vanskeleg for dei å uttrykkje seg på dette feltet. Ho meinte det ikkje burde vera overraskande at folk kjenner til færre namn på planter enn tidlegare, ettersom dette ikkje i så stor grad angår dagleglivet til folk lenger. Ho såg likevel ikkje bort ifrå at dette kunne føre til at folk hadde vanskelegare for å uttrykkje seg om planter. Dei ville lettare kunne framstå som berre ein grøn masse. Her er Jenny heilt på linje med forskning som viser at det er ein klar samanheng mellom å meistre mange ord på eit område, og store kunnskapar på området. Ord og faguttrykk gjer det lettare å uttrykke seg klart, og sett folk i stand til å sjå nyansar dei elles ville gått glipp av.

Når det gjeld regionalisering og standardisering, konstaterte Jenstad at vi er inne i ein regionaliseringsprosess. Han nemnde som eksempel korleis Trondheimstalemålet breier seg til områda rundt. Dette er samtidig eit eksempel på at regionalisering ikkje nødvendigvis fører til standardisering, ettersom det det her er ei anna språkform enn standardisert austnorsk talemål som breier seg.

Mange interessante språkspørsmål vart elles også sett under lupen. Korleis verkar til dømes det munnlege, talemålsnære språket som blir bruka innafor sosiale media inn på skriftspråka våre? Her vart det trekt fram at auka globalisering også fører til større bruk av engelsk. Det vart stilt spørsmål om dette ville føre til ei polarisering mellom bruk av talemålsnært språk i uformelle samanhengar og engels i formelle. Dette ville i så fall føre til eit sterkt pressa norsk skriftspråk, ikkje minst nynorsk.

Det vil føre for langt å nemne alle interessante innlegg og innfallsvinklar i debatten her. Tor Erik Jenstad var hovudinnleiar i ein fullsett Svorkasal, og deltok etter innlegget i ein paneldebatt med debattantane Trond Skogset, Jenny Klinge og Sondre Ormset, som alle hadde sine eigne, spesielle vinklingar på språkdebatten. Debatten var sakleg og informasjonsrik, ei herleg avveksling frå ein del innlegg i lokalpressa den siste tida.

Tor Erik Jenstad_400x600.jpg

Tor Erik Jenstad bidro med interessante synspunkt på språksituasjonen i dag.

IMG_6688_cropped_715x384.jpg

Trond Skogset og Jenny Klinge viste til eigne erfaringar frå næringsliv og politikk.

IMG_6687_715x477.jpg

Sondre Ormset følgjer interessert med på innspel frå Tor Erik Jenstad. Svein Sæter, heilt til høgre, leidde debatten.