
Debatt om bustadfelt på Kvanne
Lise Bjerknesli (Sp) tykte det blir for lenge å vente på bustadfelt på Kråkhaugen. Foto: Norunn Holten
Lilly Gunn Nyheim (Ap) var sterkt kritisk til å framskunde Kråkhaugen på bekostning av Nystubakkan. Ho peika på ei utviding av eit eksisterande bustadfelt ville vera billigare enn å opparbeide eit nytt, og at det er folk som ventar på å kunne få gå i gang med bygging i Nystubakkan. Bernt Venås (Sp ) var samd med Bjerknesli i at det burde igangsetjast på Kråkhaugen så snart råd er. Han viste til at ein hadde tykt fylket hadde bruka lang tid på saka, og meinte kommunen ikkje måtte bli ein brems når framdrifta i saka no var opp til dei. Lilly Gunn Nyheim tok igjen ordet og spurte administrasjonen om det var muleg å få til begge delar i 2012. Rådmann Geir Vikan forklarte at ein gjennom løyvingane til dei to prosjekta ikkje hadde meint å forseinke Kråkhaugen, slik at det for den del kunne flyttast fram i tid. Han trudde likevel ikkje det var muleg å få gjennomført utbygginga raskare enn det budsjettet la opp til. Han peika også på at kommunen enno ikkje hadde fått nokon formell henvendelse frå grunneigar om ein eventuell utbyggingsavtale.
Eit anna spørsmål som vart drøfta av formannskapet, var om dei to byggefelta ville konkurrere med kvarandre. Dei som tok ordet for å svara på dette, meinte det ikkje ville bli noko problem, og viste til mellom anna Svartvassområdet, Tømmerhaugen og Stormyra i Surnadal. Her er det ulike grupper husbyggjarar som er interesserte i dei ulike felta. Etter å ha høyrt på innspela frå dei andre, kom Lise Bjerknesli tilbake med eit justert forslag til vedtak. Det gjekk ut på å setje av ein million kroner til Kråkhaugen både i 2012, 2013 og 2014. Dette forslaget vart einstemmig vedteke av formannskapet.