prestn_550x366

Dagens søndagspreiken

Slik innleder Lene Gåsvand dagens preiken i Rinda kirke:

- Hvis det kjem fleire nattverdgjester enn me har beger til, blir det krise. Sa soknepresten i Hammerfest då me møttest i forkant av festgudstenesta sist sundag. Det var 50-års-jubileum for kyrkja, og mange av oss som hadde arbeidd der var til stades. 
- Nei, seier ho som var fungerande biskop. Det er ikkje krise, men vekkelse!

Og vekkelse var det. Folk kom og kom til nattverd, sølvbegera vart oppbrukt og det var berre så vidt me berga med eingangsbegera. Mange kom til nattverd – for fyrste gong på lenge.

Tenke seg til at det blir vekkelse??! At der blir tala og forkynt så folk høyrer – ikkje berre med øyrene så det går ut og inn, men òg høyrer med hjarta, med sjela og med livet-. Tenke seg til når det blir slik at Gudsordet lever i folk!

Då må det under til. Og under har skjedd før. Som til dømes det underet me skal stanse ved i dag – me høyrer lese frå Lukas i det femte kapittel:

Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.

Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått.

Men på ditt ord vil eg setja garna.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna.

Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.

Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon.

Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!» Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.


Ordet kanskje er usikkert. Kanskje. Litt bob-bob, utan snev av korkje forpliktelse eller løfte. Kanskje gjer eg det – om eg finn det for godt.

Men kva om me deler ordet, og ser det då: Kan skje. Det kan skje. Orda strutter av optimisme: Visst kan det skje, dette me ikkje ante at kunne skje!

Visst kan det skje! Seier Jesus når han møter utslitne fiskarar som har rodd fiske heile natta. Dei er slitne, tomme for krefter og tomme for fisk. Det var nytteslaust.

Visst kan det skje! Jesus ber dei om å kaste nota på andre sida av båten. Peter er skeptisk. Noko tvetydig seier han det: Eg skal gjera det på ditt ord. På ditt ord – du får ta ansvaret, her er det du som dummar deg ut og ikkje meg. Seier han som har fiske til yrke.

Og visst blir det fangst på dette som Peter kaller for Ditt ord: Det blir ikkje med måte. Kva skal dei så med så mykje fisk? Nøtene revnar nesten. Båtane blir fylt så dei nesten søkk. Kva skal dei med slike mengder?

Om ikkje for å gje nytt mot til fiskarane som har slitt fånyttes natta igjennom. Om ikkje for å gje nytt mot til både fiskarar og apostlar og oss med: Det kan skje!!

Det kan skje at folk stimler i hop for å høyre Guds ord så det blir trengsel. Det kan skje at folk som aldri har våga seg i nærleiken av noko nattverdbord kjem og tek til seg av Jesu lekam og blod til liv og saligheit. Det kan skje – dette som ikkje er krise, men vekkelse!
Kvar skjer det? Det skjer i oss når me bruker liv og sjel for det som Gud gjev oss: Når Guds ord festar seg på innsida av alle våre meir eller mindre spurkne fasadar, når Guds ord lever og veks i oss. Det kan skje!

Og det skjer i dei heimane som no kjem med jentene sine til dåp. Det kan skje – og det skjer med Thea Victoria og med Amalie: Døypte til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande for at dei skal leva med Jesus Kristus.

Det skjer under, det skjer frelse og det skjer vekkelse når me ser det og høyrer det: I Jesus Kristus har me alt me treng for å leva. Der har me alt me treng for å døy.

Får det gjer me. Så kan det skje at me òg tek imot og let Jesus gjera si gjerning i oss og imellom oss.

All ære til Gud vår Far, til Jesus Kristus frelsaren vår og til Den Heilage Ande som gjer at det skjer det som kan skje.

Gudsteneste Rindal krk Aposteldagen 24.07.11 kl.11.

261,1-6. O store Gud vi lover deg 620 – Vi samles til dåp 314 – Løftene kan ikkje svikte 549 – Guds ord, det er vårt arvegods

535, 1-5. Vidunderligst av alt på jord 261, 12-13

Dåpsborn: Thea Victoria Simonset Amalie Haltli Røen. Ofring til Menighetsarbeidet. Neste gudsteneste Øvre Rindal kapell sundag 7.august kl.11. Skarheimstemnet sundag 21. august kl.12.