
Jordbærsesongen i gang for fullt
Dagens bærmelding!
I Torvika er sesongen no i gang, der startar dei tidleg på morgonen for å plukke jorbæra og selge den. Med seg i åkeren har han med seg flinke arbeidarar frå Romania.
Før i tida var det ungdommar som var der og hjelpte til med å plukke, m.en no er det berre utlendingar.
– Ungdommar arbeider ikkje her lengre, for dei synes det blir for hardt
Det går ein reklame på tv om at norske jordbær er ekstra gode. På spørsmål om det svarar Nils at det er sant, på grunn av klimaet.
- Vi har lange dagar med lys og det gjer at aromaen blir betre.
Nils seier at på grunn av den harde vinteren og dårleg ver så kjem det ikkje så mykje jordbær.
- Det er vanskeleg å seie kor mykje bær det er i åkrane, for det varierer, men det er normalt mykje.
Nils seier at han sel jordbæra lokalt, det er ikkje sjølvplukk, men det er mange som bestiller! I åkeren blir det dyrka for det meste av jordbærsorten Corona. Den er svært stor og fin, og smakar kjempegodt.
Nils Chr. Torvik starta allereie i 1968 med jorbærproduksjon i Torvika, og enno trivst den spreke 80-åringen med dette arbeidet. Han fortel at han synes det er artig, og at han likar å halde på med jordbær.
Klikk på bilda for større versjonar.
Tekst/foto: Elise Einum