Dåpsgudsteneste i kapellet

Søndag vart Anneli Børset og Kasper Eriksen døypt i øvre Rindal kapell. Lene Gåsvatn har sendt oss dagens preike, der ho mellom anna spør: Kvifor blir det så vanskeleg å vedkjenna seg Jesus – for ikkje snakke om å vera stolt av Jesus på lik linje med stoltheit over å vera rindaling, bonde og RBK-supporter?

anneli børset med faddrar.jpg
Anneli Børset med foreldre og faddrar

kasper eriksen med faddrar.jpg
Kasper Eriksen med foreldre og faddrar

Foto: Ole Trygve Foseide

Her er søndagens preike i sin heilheit:

Joh 10,1-10

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.

Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. Men ein framand vil dei ikkje følgja.

Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
   

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.  Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.

Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Her har me høyrt Jesus fortelja om seg sjølv. Ja han bruker døra som eksempel på seg sjølv. Han er døra inntil sauene.

Alternativet var å klatre over gjerdet. Dei som klatrar over gjerdet istaden for å gå inn gjennom porten når dei skal inn til sauene, - dei er tjuvar og røvarar. Og så veit me vel litt om kva tjuvar og røvarar er interessert i: Ja, dei vil stela, drepa og øydeleggja.

Når Jesus er som ei dør, er han døraholet me må gå igjennom for å finne det me treng mest av alt. Så er altså Jesus døraholet mens me er sauene. Kva skjer då?

  1. Me kan finne ein som talar til oss med namn. Og me kan kjenne att stemmenn. Slik er det med sauer og kyr, hundar og katter – og slik er det med oss.

  2. Når me høyrer Jesu stemme, så skjer det noko som er kjempebra: Me blir frelst og får det Jesus kallar for både liv og overflod.

Me kan like godt summere fyrst som sist: Jesus er den betingelsen me har fått for å finne det han seier at er frelse, liv og overflod.

Nokre gonger kan det synast som om dette med Jesus er for flaut å innrømme. Ja, me kan gjerne vera frelst, og me kan vera der at me forstår at Jesus er døra inn til liv og overflod av alt som godt er.

Men hvis me er der, - kvifor kan me ikkje snakke om det? Vera stolt av Jesus og vera entusiastiske glade for å få vera med i kyrkja??

Tenk berre på å vera rindaling, kor stor stas det er! De er stolte av røter langt attende i tid, de er stolte av han som går for å vera formannskapslovas far, Jon Negård, de er stolte av både Rindalssongen, bunaden, skimuseet og ikkje minst kyrkja.

Og kva blir omkvedet, anna enn OSS RINDALINGAR.

Tenk på å vera gardbrukar. Det er så bra å drive garden vidare til neste generasjon. Det er så greit å gå i fjøset både morgon, middag og kveld og i praksis ha lite og sjeldan fri. For slik er det berre å vera gardbrukar. Og omkvedet blir OSS GARDBRUKARAR OG OSS I BONDELAGET.

Tenk på å vera Rosenborg, supporter!! Slik eg ser det frå utsida, handlar det om å i det minste vita at Kjernen er noko anna enn Klanen, og vidare få med seg det som er av fotballkampar uansett kvar det måtte bli. Og kva med lydnivået? Ja, eg vil tru brøla på stadion i ganske stor grad overgår kyrkjelydens halleluja.

Så kan me spørja oss sjølve – og gjerne kvarandre òg: Kvifor er me så stolte over å vera rindalingar, bøndar og Rosenborg-supportarar – og ikkje like ivringe når det er snakk om livssyn og det me eigentleg treng:

Jesus som døra inntil frelse og saligheit, Jesus som den gode gjetaren som berre vil oss vel, Jesus som oppstått av døden som vil gje oss liv lengre enn fantasien rekk – kvifor blir det så vanskeleg å vedkjenna seg Jesus – for ikkje snakke om å vera stolt av Jesus på lik linje med stoltheit over å vera rindaling, bonde og Rosenborg-supporter.

Eg har ikkje eintydig svar. Men eg vil meine me må våge oss til å bera på spøramålet ei stund.

lene gåsvatn_690x473.jpg