Melding frå brannsjefen
Forbod mot bruk av open eld gjeld òg for kyrkjegardane!
Brannsjefane i Aure, Smøla, Halsa, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund innfører eit midlertidig totalforbod mot bruk av åpen eld/bålbrenning. Forbodet er grunna den store brannfaren som følgje av at det er tørt i skog og mark og stor fare for gras- og lyngbrannar.
Ifølgje skogbrannindeksen og OBS-varsel frå meteorologisk institutt vil situasjonen vedvare og forbodet vil gjelde til det kjem nedbør av ein slik mengde at faren for spreiing ikkje er tilstades.
Forbodet mot bruk av open eld gjeld også på kyrkjegardane i kommunen. Inntil forbodet blir oppheva, skal kun gravlykter med batteri nyttast.
Tente lykter vil bli slokka etter pålegg frå brannsjefen.