Annonse:
Bygdebøker og gåvekort til jul
Det vil bli muleg å få dei nye bygdebøkene for Surnadal under juletreet også i år! Du kan få kjøpt både band som allereie er utgjevne og gåvekort på ny bok på Coop Extra på Skei torsdag 12. og fredag 13. desember kl. 11.00 -17.00.
Ingressfoto: Julenissen kan koma med bygdebøker også i år, til dømes i form av gåvekort på neste bok.
Tekst og foto: Bygdebokkomiteen.
Bygdebokkontoret har vore i kontakt med mange som ønskjer å anten gi eller få ny bygdebok til jul. Sidan «Bygdebok for Surnadal», band 4, kjem ut først til våren, tilbyr vi no gåvekort på dette bandet. Gåvekort kan kjøpast dei to nemnte dagane på Extra, og elles på Surnadal folkebibliotek.
Dette er bøkene som alt er utgjevne, og som framleis er å få kjøpt:
Band 1: Denne boka omfattar området Åsbøen- Kårvatn.
Band 2: Denne boka omfattar området Brøskja- Kvanne.
Band 3: Denne boka omfattar området Søyset- Hyllbakkan.
I tillegg vil du altså kunne kjøpe gåvekort på boka som kjem ut til våren, band 4 av det nye bygdebokverket. Denne boka omfattar området frå Pollen til Sogge, nærare bestemt strekninga Pollen– Karlhaugen, inkludert Østbødalen, pluss området frå Ranes til og med Sogge.
Bygdebøkene er elles til vanleg å få kjøpt på Surnadal folkebibliotek, på Coop Extra på Skei, på Matkroken L. Hals i Todalen og på Joker i Ålvundfjorden.