STEMMERETT logo_450x193

Bursdagsfeiring av kvinnestemmeretten!

I år er det 100 år sidan kvinner fekk stemmerett og Surnadal kommune har si første offisielle markering av Stemmerettsjubileet 11. juni kl 10:00-11:30, på Surnadal Kulturhus. Dette er det første av fleire arrangement utover året og er ei lukka markering for 9. trinn ved Surnadal Ungdomsskule. Sjølve arrangementet er basert på 2. premie frå årets Gründercamp, der elevane fekk i oppdrag å utforme eit arrangement under Stemmerettsjubileet i 2013.

Elevane valde markeringa av sjølvaste 100-årsdagen 11. juni. Det vert sjølvsagt servering av bursdagskake! Programmet er 3-delt, og består av filmframsyningar og talar i kinosalen, plakatutstilling i galleriet og litteraturutstilling i biblioteket. Plakatutstillinga i galleriet er ein del av den nasjonale offisielle jubileumsmarkeringa og vil henge ut jubileumsveka slik at alle får anledning til å komme og sjå. Utstillinga vil dukke opp på ulike plassar gjennom året.

Stemmerettskomiteen i Surnadal kommune har ansvaret for kommunen sine offisielle markeringar i jubileumsåret og består av: Lilly-Gunn Nyheim, Eivind Hasle, Anne Saltrø Polden og Anne Lise With Wullum.

stemmerett1106.jpg