Buktingane berga seg
Irene Løfaldli sikra seg seier i første løp med Danny Delight, og Stall Løfaldli med Trond Løfaldli stilte med den sju år gamle "brukshesten" Dag Minn, og vann 6. løp.
Begge desse er frå Løfaldkretsen i Rindal, eller Bukta i daglegtalen.
Irene Løfaldli stilte med Danny Delight i klassen varmblods monté. Kommentaren frå Irene Løfaldli da ho vart spurt "Hva føler du nå?" like etter mågang, var "Lykkelig!"
Det var sikkert rytter Lisa Ranita Johansen også.
I 2.løp for kaldblods 2-årige stilte to ekvipasjer med svært gode aner, kunne speaker Mads Løfaldli fortelle.
Det vart eit jamt løp, der H.B.Nikita til eigar Rigmor Hegvik hadde tidelene på sida si, framom Hage Modin med May Grete Kjønsvik som eigar.
Det vanka premiar også! Her ruslar ei av eigarane bort med ein fõrsekk på skuldra.
I 3. og 4. løp tok Sunndalingane L.E. & O.Gikling av med seieren, første med Gikling Leodin (over), så med Gikling Lomeo (under).
Kusken Per Einar Sørmo, her flankert av kona Siw og dattera Eirin, hadde ein god dag både som kusk og eigar.
I 6. løp for kaldblods 4-årige og eldre var det Dag Minn til Stall Løfaldli som vann knepent framom Gryting Ida, Linda Ofstad.
Eigar Trond Løfaldli og kusk Sørmo var svært fornøgd med seieren til Dag Minn og at denne hesten klarte seg så bra på bane. Vi får nok sjå meir frå han!
Siste løp var eit montéløp på 5 ekvipasjar.
Der vann Marve Tinn, eigar M. & M. Kleveland.
Mads Løfaldli hadde full kontroll på alle løpa frå plassen sin i tårnet.
Nedafor kan du sjå fleire bilde frå travløpet til Surnadal Travklubb.