Budsjettmøte i Surnadal
Kommunestyret i Surnadal er i dag samla til siste møtet i 2016. Hovudsaka er sjølvsagt budsjett for 2017 og økonomiplan for 2017 - 2020. Ordførar Lilly Gunn Nyheim la også fram ei tilleggssak om økonomisk støtte til situasjonen i Aleppo.
Møtet opna med gjennomgang av budsjettet ved rådmann Knut Haugen. Møtet held fram med innlegg frå representantane om budsjettet.
Du kan følje kommunestyremøtet på Surnadal kommunes web-TV ved å klikke her!