
Over 7 millionar kroner i underdekning
Budsjett i Surnadal formannskap
Det nyvalgte formannskapet i Surnadal samlast for første gong til møte tirsdag 25. oktober. Der står høyringsdokumentet til budsjettet for 2012 - 2015 på kartet. Generelt viser budsjettet ei underdekning på over 7 millionar kroner. I tillegg skal formannskapet behandle kommunedelplan for idrett og friluftsliv.
Du finn heile sakskartet til tirsdagens møte i Surnadal formannskap her.
Budsjett i underbalanse
Det framlagte grunnlaget er enno ikkje i balanse, skriv rådmann Geir Vikan i saksutgreiinga til formannskapsmøtet. Ved utlegging til høyringsrunda er underdekninga kr 7.068.000. Samstundes har vi store inntektsposter for 2012 vi ikkje har full kontroll på enno. Dette er sal av konsesjonskraft og eigedomsskatt på kraftverk.
Mulig inntektskjelde er endring i utskrivinga av eigedomsskatt på bustader og fritidseigedommar. Ein reduksjon i botnfrådrag frå kr 500.000 til 300.000 og ny sats på 4 promille vil gje auka inntekt på om lag 1 mill. Effekten av omlegginga vil i tillegg vere at forskjellen mellom store og små bustader blir mindre.
Andre sentrale inntekter er utbytte frå kraftselskapet vårt. Auka utbytte kan vere eit godt bidrag til saldering av budsjettet. Dette vil også kome dei andre eigarkommunane til gode. Ei anna kjelde til inntekt er auke i gebyr- og leigesatsane våre der dette ikkje er regulert ved lov eller forskrift. Det vil i hovudsak gjelde gebyr innafor tekniske fag og husleigesatsane for kommunale bustader.
Kommunen kan også redusere sine eigne husleigekostnader ved å redusere bruk av areal i private bygg. Etter kjøpet av bankbygget har kommunen enno ledig areal i eigne hus. Rådmannen ber om signal på kva inntekter som skal aukast, eller kva driftsområde som skal nedprioriterast for å få balanse i budsjettet.
Rådmannen legg fram budsjettsaka utan tilråding. Du kan lese heile saksframlegget her.
Biletbase og plan for idrett og friluftsliv
Formannskapet skal også ha etablering av ein kommunal biletbase opp til behandling. Her er det foreslått å løyve 100 000 kroner + moms til tiltaket - saksutgreiinga her. Saklsutgreiinga for kommunedelplan idrett og friluftsliv kan du lese her.