Svein Sæter 1_1024x1305

Perikom Light backingband for Svein Sæter

Brotne Band presentert i Rindal

Alt for få hadde møtt fram i Attanova Rindalshuset da Svein Sæter (bildet) og Anita Land presenterte Brotne Band, romanen Hans Hyldbakk skreiv som føljetong i Heimveg i 1928. Det var Rindal folkebibliotek ved bibliotekar Bodil Arnestad som hadde invitert Svein Sæter til Rindal. Og Perikom Light med Karstein Mauset og Håkon Fredriksen deltok attåt.

Perikom Light skreik seg med!
- Vi ville vera med, sa Karstein Mauset og la til at dei mesta hadde blitt eit backingband for Svein Sæter. Under ser du Perikom Light med Håkon Fredriksen og Karstein Mauset. Dei spela før og etter Svein Sæter kåserte over Hans Hyldbakk og nyutgjevinga av romanen Brotne Band. Vi fekk høre "Kom inn frå ferda" og "Nordmørsminne", ei ny vise "Elva" tonesett frå Vinterlandet og til slutt "E Slåttåtæja".

Svein Sæter tykte det var triveleg med musikk attåt. - For Hans Hyldbakk var svært musikalsk, fotalte han og kåserte om draumen hans om å bli ein stor romanforfattar, brått stoppa av Norges største forlag - Aschehoug, der han vart kontant refusert og med det såra.

Kloa hass Hans
- Men før det skreiv han ungdomsromanen Brotne Bans som føljetong i Heimveg i 1928 - og du merker kloa hass Hans i den og. Om Sverre Vatneplassen, som er Hans sjøl, frå karrige kår på ein husmannsplass. Du kjenner att draumen om å bli ein stor diktar, og draumen til storebroren om å bli målar, ein draum storebroren til Hans også hadde. Det er eit av måleria til Pe Hyldbakk som pregar framsida av romanen - eit måleri frå Surnadal rundt 1920, fortalde Svein Sæter.

Brotne Band er ein politisk roman, ein samtidsroman og ein kjerleiksroman. - Hans ser det heile nedafrå, frå grasrota og dei små husmannskåra og vektar i tillegg venskap, som og tittelen understrekar, sa han.

Kvelden i Attanova vart avslutta med boksalg og mange gode historier omkring Hans Hyldbakk og Kleiva.

Trollheimsporten hadde denne reportasjen da Brotne Band vart slept i Surnadal nyleg.

I Rindal er Brotne Band å få kjøpt hos Bunnpris på Sunna.