Broderkjeda anno 2014
I samband med Grunnlova sitt 200-års jubileum oppfordra Eidsvoll 1814, i samarbeid med NRK P1 "Norgesglasset", landets kommunar om å danne ei broderkjede. Elevar og tilsette frå Øye skule, Surnadal ungdomsskule og vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skole danna ei kjede på Øye stadion.
20. mai 1814 uttrykte mennene i Eidsvoll samhaldet sitt med å danne ei slik kjede under slagordet "Enig og tro til Dovre faller". Kommunane vart oppfordra til å gjere det same tysdag 20. mai 2014 klokka 12.00.
"Norgesglasset" hadde innslag frå fleire stader, før, under og etter broderkjeda. Skular, barnehagar, institusjonar, arbeidsplassar med vidare vert oppmoda til å lage ei så lang kjede som mogleg, ta eit bilete av den og sende inn ein mms eller dele bilete på Instagram med #broderkjede.
Basert på informasjon om kor bilete var tatt, kor mange som var med og kor lang kjeda var, vil "Norgesglasset" prøve å finne ut kor lang ei samla broderkjede hadde vorte frå nord til sør.