Brass og idrettsminne

«Trollheimsbrass» og skribent Henrik «Henne» Aasbø gav publikum ei rik museumsoppleving i Bøfjorden søndag.

Brass ... a TrhBrass.jpg
Dirigent Bjørn Stomsvik og medlemmene av Trollheimsbrass laga feststemning ved sjøbruksmuseet.
 

Rett nok var ikkje brassgruppa fulltalig, men fire blåsarar, slagverk og dirigent sjarmerte med klangfullt og spenstig program i sommarsola ved sjøbruksmuseet. Ikkje minst samspelet med ein tøffande Sabb-motor (!) i rytmeseksjonen var populært blant dei frammøtte. Gruppa spelar reint og presist og gjenskaper den tyrolske friluftsstemninga ypperleg – endatil med friske songstrofer over stødig tuba-komp.

Brass ... b Kåseri Henrik Aasbø.jpg
Henrik «Henne» Aasbø delte mykje av innhaldet i sjølbiografien sin med dei frammøtte.


Etter utekonserten kåserte idrettsveteranen og forfattaren Henrik «Henne» Aasbø med utgangspunkt i sjølbiografien «Henne – slik jeg ser det». Han tok forsamlinga med på ei interessant og humoristisk reise med opp- og nedturar  gjennom livet. Med debut som smågutekeeper (og mange baklengsmål) i Rindalen var han innom og oppom det meste ein skrivande «idrettsnarkoman» kan oppleva – endatil på toppen av Kilimanjaro.

Boka er absolutt å anbefale!
 

Innsendt av Bernt G. Bøe