brannstasjon_550x365

Brannstasjon til salgs

Surnadal kommune ønsker å selje den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra, Billagsbygget. Bygget er av eldre dato og har difor ikkje stor økonomisk verdi. Kommunen vil difor legge vekt på framtidig bruk i vurderingane av salet.

Interesserte må difor saman med pristilbodet dokumentere den bruken som er tiltenkt i bygget. Interesserte kjøparar må sende inn tilbod til Surnadal kommune innan fredag 16. sept. – 11.

- Rådmannen -