2017-09-23 12

Brannmenn med mange oppgåver

Denne laurdagen hadde brannstajonane i Noreg open dag for å vise fram noko av det dei driv med og utstyr dei disponerer. I Rindal var det mange som møtte fram, både foreldre og barn. I Surnadal var det mest i starten, men da Trollheimsporten var innom, var det nokså roleg.

IMGP9772.JPG

I Rindal kunne varabrannsjef Steinar Landsem fortelle at dei hadde fått fin støtte frå Gjensidigestiftelsen gjennom Det store brannløftet, ein jubileumsgave til det norske folk.

Dei har fått redningsbåt (sjå bilde lenger nede), undervasskamera, søkeslangar og 3 tørrdrakter, og no skal dei kurse seg i overflateredning i elv og på is.

Brannfolka er ofte dei første som kjem til ein ulykkestad. Da må dei kunne gje oksygen til skadde til ambulansen kjem. Dei er mykje kursa på førstehjelp.

PLIVO (Pågående livstruende vold) er ein annan oppgåve brannfolka skal øve seg opp i. Det er ein prosedyre for samvirke mellom politiet, brannvesenet, redningstenesta og helsevesenet for situasjonar der det blir utøvd vold mot ein eller fleire personar.

- Vi føler at det no er rimeleg mykje å øve seg på, seier Per Olav Løset og Steinar Landsem i Rindal Brannvesen.
- Staten svekker politiet i distrikta med ei såkalla "Nærpolitireform" og overlet ansvaret til den lokale beredskapen. Landsem minner om at brannfolka alt no har politimyndigheit til politiet kjem fram til hendinga.

Brannfolka har stadig fått nye oppgåver og utvida utstyrsmengde. Det gjer at brannbilen i Rindal er for liten. Sidan den er 1994-modell, har ny bil stått på ønskelista og budsjettforslag fleire år. Orkdal har fått ny brannbil til 5 mill. gjennom Det store brannløftet.

IMGP9805.JPG
Det vart for tungt å pumpe luft i gummibåten.

2017-09-23 12.14.16.jpg
Kompressoren klarte det fort.

2017-09-23 12.15.28.jpg
Båten er klar til å settast ut på elva eller skuvast ut på isen under ein redningsaksjon.

DSC_0063.JPG
Surnadal brannveseb har fått seg ny brannbil.

DSC_0065.JPG

DSC_0064.JPG
Ambulansen var med og viste seg fram på begge plassane.

IMGP9789.JPG
Fleire barn fekk lagt plaster og bandasje på skadde leikedyr.

IMGP9792_690x1033.jpg

IMGP9796.JPG

IMGP9803.JPG

IMGP9774_690x1034.jpg
Klar til røykdykking.

IMGP9781.JPG
Det var kø for å vere med på utrykningstur rundt brannstasjonen i Rindal.

IMGP9776.JPG

IMGP9784.JPG
Det var servering av både is, saft, bakels og kaffe.

IMGP9809.JPG
Mange vill prøve å sløkke brann!

IMGP9812-001.JPG

IMGP9813.JPG

IMGP9818.JPG

Det ser lovande ut for rekrutteringa til nye brannmannskap!

Foto: Karstein Mauset og OleT.