Brann i tilhengar i Rindal
Politiet meldte i ei Twittermelding klokka 10.23 at naudetatane var på veg til Rindal etter melding om brann i ein tilhengar til vogntog. Brannen er no sløkt.
Tysdag klokka 10.23 meldte Politiet i ei Twittermelding at naudetatane var på veg til Rindal etter melding om brann i tilhengaren til eit vogntog. Hengaren hadde då vorte kopla frå trekkbilen, og det var ikkje snakk om spredningsfare.
21 minutt seinare meldte dei i ei ny melding at brannvesenet var framme på staden, og at det handla om brann i eit hjul på tilhengaren. Brannen var då sløkt, og politiet såg på situasjonen som udramatisk.
Vogntoget og hengaren står på ein parkeringsplass rett ved vegen, fv65, i Løfall i Rindal, og rundt klokka 11 bekreftar John J. Storholt på staden at brannvesenet har reist frå staden der brannen oppstod.
Alle foto: John J. Storholt.