Borti botnom
Ragnhild Vannebo framførte dikt av Sturla Brørs m.fl. i Kallastua torsdag kveld til lydbilde av John Pål Inderberg, saksofonar, piano og stemme, Øivind Nygaard, fløyte og Anders Larsen, fiolin. Startdiktet var sjølvsagt diktet «Borti botnom». Det var ei stemningsfull, heilstøpt forestilling med innslag av improvisasjon og humor.
Sturla Brørs var rektor på Nordmøre Folkehøgskule i mange år, men også forfattar. Han spela også fiolin, og Anders Larsen kunne fortelje at fiolina han spela på hadde tilhøyrt Sturla Brørs.
Andre delen av kvelden var vigd Kalla Skrøvseth og Ola «Kunst» Seter. Odd Inar Skrøvseth fortalte om Ola Seter og påvernaden han hadde på Kalla. Ein gong tidleg i barndommen var ho på besøk i heimen hans i Halsa. Han visste at jenta var glad i å teikne. Da er det sagt at han henta ein bunke med lerretsteikningar og spreidde utover golvet til Kalla. Sjølv gjekk han ut på noko gardarbeid. Det var Kallas første møte med kunst.
Odelsguten Ola Seter fekk eit langt kunstnarliv som for ein stor del handla om kyrkjerestaureringar, truleg rundt 200. Han fekk Kongens Fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt.
Nedafor ser vi to maleri av Sæter. Det eine er Rognskoggarden som høyrer til ordføraren i Halsa.
Klikk på bilda frå torsdagskvelden på Kallasua o sjå dei større og som bildeserie!