Grunnlova 200 år
Bondehøvding hedra
Søndag blei bautaen over rindalingen John Neergaard avduka på nytt i Øre. Etter ei vegomlegging var bautaen frå 1890 for avsides.
Vegen er omlagt, og området ved bautaen er i privat eige. No blei minnesmerket flytta til det gamle kommunehuset på Øre, Ørstua, vegg i vegg med Øre kyrkje.
Området blei forøvrig gitt av John Neergaard ved etableringa av Øre kommune, og det passa såleis fint at bautaen fekk sin plass nettopp her, lett tilgjengeleg og godt synleg for folk som ferdast i området rundt Øre kykje og Ørstua.
Ved markeringa heldt lokalhistorikar Nils Tore Leivdal kåseri over livet til John Neergaard.
Fleire rindalingar hadde tatt turen for å vere med på avdukinga.
Ordføraren i Gjemnes, Odd Steinar Bjerkeset.
God oppslutning ved avdukinga.
Frå markeringa på ungdomshuset i Skeidsdalen
Etterkommarar og slektningar etter John Neergaard som var til stades ved avdukinga.
Ørstua som har fått bautaen som ny attraksjon.
Tippoldebarnet, John Neergaard. Her med Ola-boka.
Tippoldebarnet, John Neergaard, saman med familien sin ved bautaen.
Ragnhild Folden Istad.
Tekst og foto for Trollheimsporten: Jorid Børset Humstad