Boksmak på museet
På museet i Bøfjorden søndag gav Dordi Glærum Skuggevik smaksprøver på tekster og tonar av Ingeborg Glærum Solem (1880-1962). Kåseriet skapte forventning til hennar komande bok om «Tante Borg».
Ingeborg var gammeltante til Dordi. Ho arbeidde som lærar ved ulike skular før ho godt vaksen vart gift med handelsmann Solem på Gyl, starta hotelldrift og vart buande der.
- Eg hugsar eg som jente besøkte Tante Borg på Gyl, sa Dordi i kåseriet og skildra ei syngande, poetisk dame med levande og engasjert forhold til alt rundt seg, ikkje minst til tradisjonslinjene i nærmiljøet.
Dordi har henta fram ein skatt etter gammeltante Ingeborg Glærum Solem.
Bok i haust
I fjor haust begynte Dordi å digtalisere tekster og samle melodiar som Ingeborg Solem laga i si tid. Dette grundige detektivarbeidet, delvis i samarbeid med musikaren Henning Sommerro, kjem i haust som bok med lydstoff på vedlagt CD.
Sjøl skriv Dordi ein del rammetekster i boka, der ho knyter miljø og historikk til poesien og musikken. - Tante Borg var uvanleg observant og «tilstedeverande», og dette pregar både poesien og prosainnhaldet i boka. Skildringane av livet i det store folkhuset på Glærum da ho var unge, er i seg sjøl ei folkelivsskildring av varig verdi.
Ingeborg Glærum Solem (1880-1962)
Musikantisk
Musikantisk form med trallande refreng pregar mykje av poesien etter Ingeborg Glærum Solem. Språket er levande og fritt – med både dialekt, bokmål og høgpoetisk nynorsk.
- Kanskje var ho nynorsk-påverka av læraren Karl Eikenes frå Stryn, seier Dordi og antydar at Ingeborg var begeistra for vestlendingen, som dessverre døde altfor ung.
I kåseriet fekk dei vel 40 frammøtte smaksprøver frå velfoma dikt og viser. Dordi har levd seg godt inn i stoffet. Ho sleppte seg laus og framstod som ein uvanleg livleg formidlar.
Edvard Bræin arrangerte «Bånsull» for solo og piano i hefte 9 av samlinga «Folkemusikk fra Nordmøre». Men var den opprinneleg lengre og hadde annan tittel?
«Vedbju» og «Soleivøttu»
Titlar og innhald gjer lyttar og komande lesar nysgjerrig: «Det strider en vår» frå 1930-talet er storarta poesi, like eins «Vedbju», «Solei-vøttu», høgstemte salmestrofer og muntre barneregler. Ingeborg Glærum Solem hadde dikt på trykk i «Jul på Nordmøre», «Romsdalsposten», avisa «Nordmør» og surnadalsbladet «Heimveg». I 1934 vart ho heidra for beste sommarvers i «Tidens Tegn».
Edvard Bræin tok med hennar «Bånsull» i samlinga «Folkemusikk fra Nordmøre». Men originaltittelen var kanskje ein annan, og melodien hadde visstnok eit mellomparti som ikkje kom med, antydar Dordi – som enno er på leit etter element i gammeltante sin store produksjon.
Kvaliteten i utdraga som vart presenterte på museet denne ettermiddagen, gav glimt av ein spennande kulturskapar og var ein god aperitif på boka.
Som min sidemann, norsklektoren, sa det: - Vi blir tuta ørene fulle av såkalla «låtskrivarar» om dagen. Men dei kjem jo ikkje halvnære det vi kan vente oss her!
Tekst og foto: Bernt G. Bøe