Bogey, par og birdie på Øye
Søndag arrangerte Surnadal IL Frisbee diskgolfturnering på Øye der dei har banen sin. Det var rundt 40 spelarar frå heile Midt-Norge med ulike ferdighetsgrader, alt frå nybegynnarar til ferske Norgescup-vinnarar som deltok i turneringa.
Veret var ikkje det aller beste, men humøret og stemninga var god. På bildet ovafor får Eskil Mogstad støtte i oppvarminga frå Steffen Heggem, Jan Terje Moen og Einar Sæterbø, alle frå Surnadal.
Surnadal Open er ein del av turneringa Trønder Tour med fleire lokale arrangement i Trøndelag gjennom sommarsesongen.
Trønder Tour er eit lågterskeltilbod meint for promotering av sporten og rekruttering. Deltakarane fordelte seg på klassane Open, Dame, Master (over 40), Junior (under 18), Recreational og Novice.
Trollheimsporten valde å følgje dette drømmelaget eit stykke. Frå venstre ser vi Even Nikolaisen, Trondheim Frisbeeklubb, Leiv Aspén, Nidaros Diskgolfklubb, Ståle Stai Hakstad, Kristiansund Frisbeeklubb og Eskil Mogstad Surnadal Frisbeeklubb.
Hakstad har sendt avgarde disken mot korga, 101 m unna. Pilane markerer disken og korga inne mellom bjørkene.
Leiv Aspén sender disken sin ut -
- og der er disken til Eskil Mogstad i lufta.
Alle fann diskane sine og gjorde seg klare til neste kast mot korga igjen. Denne korga har Par 3. (Sjå nedafor).
Disken trillar godt i bakken.
Denne disken til Hakstad gjekk forbi korga.
Sjå fleire bilde lenger nede!
I finalen var det 4 deltakarar i Open (Drømmelaget ovafor), 4 i Master-klassen, 8 i Recreational og 4 i Novice-klassen.
Resultata kan du sjå her!
Ståle Stai Hakstad sikra seg ein klar siger, og han leder Norgescupen frå før.
Frisbee-delen av Surnadal IL er ei av dei minste gruppene i idrettslaget, men dei har ei fin bane i Øye-området med 18 hol/korger.
Faguttrykk
Faguttrykka i diskgolf er dei same som i vanleg golf, men likevel nokså ukjente for folk utafor miljøet enda.
Det er tre hovudtypar diskar som vert nytta:
- drivar: Drivarane er dei diskane som blir bruka i dei lengste kasta. Dei er tunnare og har ei meir aerodynamisk form og går derfor lengre og rettare enn for eksempel puttarar og mellomdistansediskar.
- midrange: Midrange er mellomdistansediskar som først og fremst blir bruka der det vil vere for kort avstand til å bruke ein drivar, men samtidig for langt til å bruke ein puttar. Dei er litt tjukkare og går derfor ikkje like langt som ein drivar, men til gjengjeld held den eit meir stabilt flygemønster.
- puttar: Puttaren blir bruka til å kaste på korga frå relativt kort hald. Dei er tjukkarar og rundare enn både drivarar og mid-rangediskar. Dette gjer at dei går rettare.
Med drivaren kan ein kaste over 80 meter. Eskil Mogstad har hatt kast på 140 meter, men målet hans er 160.
Ved standplassen til kvar korg er avstand oppgitt i lag med vanskegrad i form av par. Par er talet på kor mange kast ein skal bruke på den korga. Har ei korg Par 3, og du brukar tre kast på den får du 0 poeng. Over eller under gir +/-, og du skal ha minst muleg poeng.
Ein birdie er når ein kastar i korga eitt kast under par. Det gir -1 poeng. Bogey er eit kast over par og +1 poeng.
Meir om Frisbeegolf/Diskgolf kan du lese her!
Hakstad har god luft under disken, men er den høg nok?
Nei, alle fire diskane ligg ved sida av korga, men like ved.
Mogstad måtte ha enda eit kast på denne korga.
Ny korg, ny avstand, men vanskeleg denne også!
Langt hold, men disken er på rett veg. Pila til høgre peikar på korga.
Inne mellom trea kan du kanskje sjå ei korg! Viss ikkje, så ser du den nedafor.
Mogstad puttar i korga.
Slik gjekk dagen rundt løypa med 18 korger, og det tek si tid
Banen på Øye ser omlag slik ut (www.surnadalfrisbeeklubb.no)