Oddvar Mikkelsen Fylkesleder foto Arlid Erlien

Bønder i Møre og Romsdal kan bidra i tørkekrisa

Fylkesleiarane Oddvar Mikkelsen (bildet) i Bondelaget og Stein Brubæk i Bonde- og Småbrukarlaget oppmodar bønder i Møre og Romsdal om å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra.

Sist veke kom det nye tal på forventa utbetaling av avlingsskadeerstatning etter tørken. Anslaget er på 1,1 mrd kroner. Dette er verdien av det avlingstapet som går utover bondens eigenandel på 30 prosent. Det totale avlingstapet er difor langt større enn 1,1 mrd, minst 2,5-3 mrd og i verste fall opp mot 5 mrd kroner etter dei anslaga som er gjort.

Sjølv om Møre og Romsdal ikkje er hardast råka er det likevel store lokale variasjonar og for ein del bønder her i fylket er også krisa eit faktum.

- Det viktigaste bidraget vi kan gjere her i fylket er å hauste alt haustbart areal, både gjennom å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og ved å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra. Alle som kan ha grovfôr til salgs oppmodar vi om å legge det ut hos landbruksrådgivinga eller selge direkte i nærområdet for å halde fraktkostnadene på eit minimum, seier Mikkelsen og Brubæk.

Det er utarbeida lister med kontaktinformasjon til kornbønder i Trøndelag for å kunne gjere direkte avtalar om kjøp av halm. Desse listene er sendt ut til bønder i Møre og Romsdal.

- Vi åtvarar mot å kjøpe importert fôr som ikkje har gått igjennom godkjent importør og er kontrollert av Mattilsynet. Det er betydeleg risiko for å få inn uønska planteartar og dyresjukdommar gjennom importert fôr. Alle som skal importere fôr er pliktige til å registrere seg som importør og halde seg til Mattilsynet sitt regelverk for import og kontroll, seier Oddvar Mikkelsen, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag og Stein Brubæk, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding søndag.

Landbrukets organisasjonar arbeider tett med myndigheitene for å finne dei beste måtene å hjelpe landbruket på både praktisk og økonomisk. Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget opplever aukande politisk forståing for at dette no er ein ekstraordinær situasjon som krev særlege tiltak.

 

Foto: Arild Erlien.