Bønder bygger
Kjører du gjennom Rindal og Surnadal, har du dette året sett mange fjøsbygningar under oppføring. Enda fleire er ikkje så godt synlege frå hovudvegen. I dag viser vi dykk Lauvlia i Rindal.
Yngve Røøyen og Maren Hoston
Yngve Røøyen har tatt over garden Lauvli under Brønstad i Rindal, rett over vegen for Stokkøyan, frå onkel sin. No er han og sambuar Maren Hoston i full gang med bygging av nytt fjøs for sauer og ungdyr. Mjølkekyrne har han i gamlefjøset.
Det nye fjøset er 50 meter langt og 15 meter breitt. I tillegg er det eit «fjøsbad» (eller var det furtebu) på 30 kvm.
I nyfjøset har han plass til 60 ungdyr og 250 sauer, og i gamlefjøset 25 mjølkekyr. Mjølkekvoten er på plass, men han treng meir jord for å skaffe for til fullt fjøs.
Det er møkk-kjellar under heile fjøset.
Yngve Røøyen er sjølv både byggherre og byggeledar, og som snikkar har han mange gode forbindelser.
Maren jobbar 100 % stilling på sjukehuset i Orkdal, men er aktivt med på bygginga. Yngve fortel at heile storfamilien deira deltek også i bygginga, så eigeninnsatsen på bygget er stor. Han er svært glad for denne hjelpa.
Fjøsbyggarane er svært glade for det fine arbeidsveret. - Det har knapt vore regn i byggetida, seier Maren. No håper dei at snøen ventar til dei får på taket!
Tirsdag kom veggene på plass, treelement frå Kvatro i Surnadal.
Mikal Bolme stilte med kranbil.
Høgholt Bygg deltok med lift m.m.
Elles er desse firma med på bygginga:
Nils Henry Hunnes har grave tomta.
Betongarbeidet har vore utført av Solberg frå Oppdal.
Betongen er levert av VIBO.
A.Kvam AS leverer sveisearbeid.
Rindal Rørservice AS har rørleggararbeidet Yngve ikkje kan ta sjølv.
AS Elektro har dei elektriske installasjonane.
Fjøssystemer leverer innreiing.
Rolf Sverre Holum, Oppdal og Wvt Betongprodukter AS golv til sauer og ungdyr.