Bønder ber bilistar skjerpe seg
NRK Møre og Romsdal har ein artikkel med eit filminnslag om om traktorar i trafikken. Der er dei med rindalsbøndene Torgrim Furuhaug og Tore Simonset på kjøretur på Fv65, der dei dagleg opplever farlege forbikøyringar. Innslaget vart vist på Dagsrevyen onsdag kveld.
Bønder ber no bilistar om å forstå at ein traktor ikkje lenger er det den ein gong var. Dagleg opplever dei farlege forbikøyringar av utolmodige bilistar som undervurderer både fart og storleik på dei moderne traktorane, skriv NRK.
– For meg verkar det som om tolmodet til bilistane berre blir mindre og mindre. Dei skal forbi uansett korleis det ser ut på vegen og det oppstår mange farlege situasjonar, seier Torgrim Furuhaug, gardbrukar.
I Rindal er dei fleire som dagleg kjenner på redselen for møteulukker. Og tida traktoren er på vegen blir berre lengre og lengre.
– Før hadde ein alt rundt garden og var nesten ikkje på hovudvegane i det heile tatt. No må ein drive jord litt lengre unna for å kunne henge med økonomisk, seier gardbrukar Tore Simonset. – Traktorane går stadig fortare og tilhengarane blir lengre så det er ikkje like lett å køyre forbi no som før.
Sjå artikkelen og filminnslaget på NRK Møre og Romsdal.
Bildet: Tore Simonset (Skjermdump fra NRK)