Bøfjorden historielag melder:
Bøkkerarbeid på museet
Tønnefabrikant Tor Fjærli demonstrerer faget sitt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
Fjærli Tønnefabrikk i Valsøyfjorden representerer gammel handverkstradisjon. Gjennom tusen år har tønner, kvartill og åttringar vore uunnverleg emballasje, ikkje minst i fjordbygdene.
Sjøl om Tor Fjærli seier han berre driv tønneproduksjon som hobby, har han hendene fulle av tønnestav og band om dagen. Attåt lagar han krakkar og småbord i tønnedesign.
På museet demonstrerer han korleis ei tønne blir til. Vil nokon kjøpe seg eit eksemplar, kan det og bli råd for det. - Eg lagar dessutan vintønner i eik, og det med material levert av Bøfjord Sag, fortel Fjærli.
Publikum får sjå og lære om både tønnestav og faguttrykk som «idiotbenk» og «kjerringkjeft» viss dei tek ettermiddagskaffen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
Tor Fjærli kan eldgammelt handverk. Her demonstrerer han bøkkerfaget under Kystens Landsstemne 2017.
Også kongeparet fekk innblikk i tønneproduksjon da dei gjesta Halsa kommune for nokre år sia.
Tønnefabrikken hadde stand i Kristiansund i sommar.
Tekst og foto er sendt oss av Bernt Bøe