
Bøgdaungdommen med laksefestival-hyllest
Koret Bøgdaungdommen slo til med eigen laksefestivalsong, med tekst av kommunestyre-representant og kormedlem Marit Granhus Kringlebotn, under den offisielle opninga av Norsk Laksefestival på Skei fredag kveld. Festivalen er no i gang for fullt, med mellom anna fiskekonkurranse der det er muleg å håve inn heile 90.000 kroner.
Surnadal-ordførar Mons Otnes sto for den offisielle opninga, der den musikalske underhaldninga frå utescena ved kulturhuset vart servert av Bøgdaungdommen, Åsskardkoret og rockeband frå kulturskulen.
Da Åsskardkoret sto på scena, kunne konferansier Gunnar Aamodt Hansen avsløre at to av kormedlemmane - Nils Inge Aasgård og Jenny Marie Settemsdal - hadde gifta seg nærmast i all hemmelegheit tidlegare på dagen. Berre forlovarane visste om gifteplanane. Heilt fram til giftarmålet altså vart "avslørt" på laksefestivalscena - til solid applaus frå publikum.
Den tradisjonelle fiskekonkurransen under laksefestivalen er i år imøtesett med ekstra stor spenning. Sidan det under dei siste åras konkurransar ikkje er blitt landa laks over fem kilo, er premiepotten i år på heile 90.000 kroner. Konkurransen starta klokka 19 og varer fram til klokka 01, og over 300 fiskarar har meldt seg på.
Ein time ut i konkurransen var det berre teke ein laks på to-tre kilo, så spenninga er stor om nokon i løpet av kvelden klarar å sikre seg stor nok fisk til å kapre storpremien.
Festmusikken fredag kveld er det Trøtte Typer og Sie Gubba som står for.
Klikk på bilda for større versjonar.