Bøfjordhelga jubilerer
Årets Bøfjord-helg 15.-17. juli kan bli ei jubelhelg – i alle fall viss veret og publikum gjer sitt beste! Det blir endatil feira tre større og mindre jubileum: Idrettslaget 70 år, Bøfjordhelga sjøl 25 år og Bøfjorden Mannskor 25 år.
Kveldheim – hundreåring med tradisjon og trivsel
Det startar klokka 18 fredag - på Kveldheim. Her er det som vanleg triveleg aktivitet – hobbymesser med salg, mat og kaffe og utlodning til inntekt for Bø Grendalag og huset. Kveldheim kunne også ha jubilert denne helga – det opprinnelege skulebygget rundar faktisk 100! Men dette blir feira med eige arrangement når det lid på hausten.
Samvirke-frukost, veteranbilar og andre utstillingar
Laurdagen startar med at Bøfjord Samvirkelag frå kl. 9 spanderer gratis frukost til alle. 9. Deretter skjer det mykje ved og inne i Bøfjorden Grendahus - frå klokka 13. Ute er det utstilling av veterankjørety – bilar, traktorar, syklar og gjerne andre gamle framkomstmiddel. (Kvifor ikkje rattkjelkar og barnevogner?) Bygdafolk og utåbygdes er oppfordra til å skape ei samling med historisk sus!
Utstillingar blir det også inne: Idrettslaget (sjølsagt), historielaget og bygdekvinnelaget let tider og tradisjonar tale til deg frå bord og vegger. Og med salgsutstillingar kan nemnast kunsthandverkar Sigrun Hesjehagen og målar-søstrene Gjertrud og Tanja Heggem.
Middag, kaffe og basar
Åsskard Bygdekvinnelag serverer rømmegraut og spekemat til middag – og kaffe med tilbehør.
Idrettslaget og historielaget har felles basarbord og deler inntekter dei sårt treng. Dei set pris på både gevinstar og ivrige nummerkjøparar. Trekning skjer mot slutten av dagens festprogram.
Trim, riding og fotball
Ute blir det hesteriding – der Lise Settemsdal er sjef. Trimgruppa lagar mosjonstur til Svartvatnet og (for den som vil) til Svarttjønna. Kanskje nyttar somme hesteryggen opp dit og. For ungane blir det så fotballturnering. Arrangørane håpa lenge på vaksenkamp og, men det glepp truleg.
Jubileumsfest
Klokka 16 er det «Jubileumsprogram» i salen. Eit par intervju og ein biletserie («Freske fråspark i 70 år») gjer historia til Bøfjord IL levande. Dette blir følgd opp med ulike småkonkurransar for dei yngste på og attmed scena.
Bøfjorden Mannskor lovar eit lite comeback. Koret vart stifta i 1991 i samband med den første «Bøfjord-dagen», som seinare vart heile til Bøfjord-helger. Målet var å samle midlar til grendahuset – som stod ferdig etter 3-4 års innsats av mange i bygda. Altså eit dobbelt 25-årsjubileum.
Fjorddag med «Framnæs» og mykje anna
Så blir det skikkeleg «Fjord-dag» søndag den 17. Sundbåten «Framnæs» kjem frå Kristiansund - der passasjerar kan stige ombord ved Piren kl. 8. Båten anløper Halsa og tek med folk derifrå i 11-tida.
Ankomst Ilabukta (Samvirkekaia) på Bølandet er sett til kl. 12.
Da har Bø Grendalag open kafeteria på Saga – med pølser, brød, is, brus, kaffe og meir til. Historielaget organiserer premiert fiskekonkurranse. Alle med båt er oppfordra til å skape liv på fjorden – noko ikkje minst «Framnæs» vil bidra til. Det blir roing med ein eller fleire kyrkjebåtar.
Klokka 13.30 startar fjordcruiset med «Framnæs» - til Torjulvågen. Turen blir guida med historier og opplysningar om livet på og langs fjorden og om den oversjøiske nabobygda Torjulvågen før og no. Skofabrikken «Bergo» og bedrifta bak «Tingvoll-ost» er sentrale stikkord.
Siste stasjon på Fjorddagen er Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Klokka 16 vil skipsingeniør Einar Sæter og designar Terje Holm presentere boka om Storvik-konsernet i opp- og nedgang, «Fra suksess til havari». Museet byr sjølsagt på kaffe med tilbehør. Dagen blir avrunda i 17-tida. På heimturen får passasjerane på «Framnæs» får kjøpt varm lapskaus ombord.
Da har ein feira Bøfjord-helg «tre dagar til ende», som det heiter i andre eventyr.
Tekst og foto: Bernt Bøe
Kyrkjebåtroing og cruise med "Framnæs" vil prege Fjorddagen søndag - som her i 2013. (Foto: Stein Sættem)
"Framnæs" vil anløpe Halsa på veg frå Kristiansund til Bøfjorden og tek med passasjerar innover.
Sentrum for Fjorddagen er Samvirkekaia i Ilabukta på Bølandet.
Gunnvor Bøe (t.h.) ønskjer bygdafolk og gjester velkomne til hyggeleg fredagsprogram på Kveldheim.
Karen Bøklep (frå venstre), Kari S. Heitmann og Inger Lise Heggem lovar at Åsskard Bygdekvinnelag også i år syter for mat og hyggeleg atmosfære i Litlsalen på grendahuset.
Gjertrud Heggem er blant kunstnarane som stiller ut.
Ivrige fotballtalent lagar liv på Leikarvollen.
Ved Saga i Ilabukta er det kafeteria om søndagen.
Jubilanten Bøfj IL: Eitt av hundrevis tilbakeblikk på eit aktivt Bøfjord Idrettslag. Her er dei blågule sist på 1980-talet. Fremst frå venstre: Knut Bævre, Martinus Gjengstø, keeper Kjell Svendsli, Kjell Bjørnar Bøe, John Magne Sættem og Odd Edvin Bøe. Bak: John Gjengstø, Gunnar Arne Stolsmo, Terje Gjengstø, Arne Åsgård og Arne Gunnar Rovik.