BøfjH PR a Tore S Plakat

Bøfjordhelga i rute

Tre heile dagar til ende – frå fredag 13. til søndag 15. juni – går årets Bøfjordhelg. Sentralt i eit allsidig program står aksjonen for bygging av naust til kyrkjebåten Hjelmkonnå.

Fredag 13. juni er det samling i Kveldheim på Bølandet. Her blir det salgsmesse med hobby- og husflidsartiklar, debututstilling (måleri av Gjertrud Heggem), kaffe og kveldsmat.

Laurdagen startar med volleyballturnering på Bøfjorden skule. Deretter opnar Bøfjorden Grendahus med bl.a. bondestue, nye biletutstillingar, presentasjon av «Turar i Bøfjorden», middag og kaffe. Basaren for «Prosjekt Kyrkjebåtnaust» går heile dagen, og prektige «Hjelmkonnå» er oppstilt ved huset.

Av uteaktiviteter kan nemnast natursti og fotball for små og store. Ein stor kunnskapskonkurranse varer heile dagen.

Ettermiddagens sceneprogram byr på moroinnslag med Johnse & co., Prøysen-stund med barn og vaksne, dans, musikk og bildeshow frå natur og folkeliv i Bøfjorden. Eit høgdepunkt blir duellen mellom ordførarane i Halsa og Surnadal: Ola Rognskog og Mons Otnes skal kappro på scena. Sporty av dei to å støtte Bøfjord-helga på denne måten! synest komiteen.

Søndag er det sesongopning og middag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dagens tema er lokal vinkling på Nordmøre rundt grunnlovsåret 1814.

Bøfjordhelga 2014 er eit dugnadsprodukt av samarbeid mellom mange lag i bygda.

...............

Foto/tekst: Tore Sannes, primus motor i «Prosjekt Kyrkjebåtnaust» ser fram til ei rikhaldig og spennande Bøfjordhelg.

BøfjH Johnse
BøfjH NaustMIX
BøfjH PR b Tore S Plakat
Hjelmkonnå b
NYASTE Plakat Bøfjordhelga BRUK DENNE