bøfjordenbarnehageingress

Bøfjorden barnehage 20 år

I veke 21 blei 20-årsjubileet til Bøfjorden barnehage feira. Tre dagar til ende med leik, song, langbord, ballongar, is, kake og tog!

Tekst/Foto: Elin Merete H. Bøklep

«Nybarnehagen» stod ferdig i desember 2000! Mange dugnadstimar var lagt ned for at barnehagen skulle bli til!

I dag går 19 barn (26 plassar) ved Bøfjorden barnehage. Fordelt på to avdelingar. Den eine avdelinga brukar skulen til avdelingstid. Sjølve barnehagen er bygd for 15 plassar slik at det er heilt nødvendig med bruk av skulen så lenge antal plasser overstig dette så mykje.

Allereie i desember byrja planlegginga til jubileet. Det ingen visste då, var at å feire stort, blei forbode, på grunn av korona-pandemien. Born og vaksne hadde forberedt ei storslått feiring der dei som hadde jobba i barnehagen tidlegare og borna som hadde gått i barnehagen skulle inviterast, samt bygdefolk med tilknytning til barnehagen og andre. Feiringa skulle foregå utendørs, med underhaldning, musikk/dans, leik og moro!

Borna (særleg dei eldste) hadde ein aktiv del i planleggingsarbeidet. Difor blei det og ekstra viktig å feire 20-årsjubileet før dei eldste skal på skulen, trass i restriksjonane som korona-pandemien og smittevernsveiledarane satte på feiringa. Foreldra hadde og bidrege med å selge lodd til inntekt for jubileumet. Ei stor takk til dei.

Ei ny plan tok etter kvart form. Veke 21 blei jubileumsveke for alle ungane i barnehagen og ansatte. Vergudane var på plass med vakkert vårvær og mykje av jubileet kunne feirast ute. Måndag denne veka blei bruka til pynting av barnehagen. Borna hadde tidlegare bestemt at når barnehagen har bursdag, må det være mange balongar, blomster i vase, krone, sjokoladekake og is. Å ha pene klede på var og viktig.

Dei vaksne bestemte at gymsalen kunne brukast, der to kohorter kunne være saman, om dei delte salen i to. Pyntinga fekk alle være med på, og resultatet blei applaudert av ungane. Tysdagen blei det feiring med uteleikar og aktivitetar i dei ulike gruppene. Leikar som for eksempel å kaste vannballongar på blink og kaste ball på tårn med hermetikkboksar blei teke fram denne dagen. 

tog.jpg

Barnehagejubileet blei avslutta onsdag same veke med ein koseleg festdag for store og små i barnehagen. Dagen byrja med feiring i festpynta gymsal i dei ulike kohortene, med avstand. Vaksne og born hadde finkleda på og jubileumssongen klang godt i veggane. Pølser og saft blei servert og alle fekk jubileusskjorte.

fane.jpg
I strålande sol gjekk born og vaksne i tog over brua med flagg og musikk.

Til slutt blei det kake og is ute. Ei verdig feiring blei det til tross for mange restriksjonar. 

kake.jpg

flagg.jpg