
Blix og folketonemesse i Øye kyrkje
Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor (til høgre) syng Blix og Folketonemesse. Elias Blix (1836-1902) måla av Thyge Mathiassen (til venstre).
175-årsjubileet for vår populære salmediktar Elias Blix (han med flest tekster i Norsk Salmebok) er bakgrunn for eit biletkåseri vrf Bernt G. Bøe og for deler av kveldens songprogram.
Inviterte gjester vil presentere “Min salme”. Kora syng både Blix-tekster og annan kormusikk.
Kvelden blir avslutta med liturgisk framføring av “Folketonemesse frå Todalen”. Her er dei kjende ledda Bønerop, Lovsong, Truvedkjenning og nattverdens Heilag, heilag og Du Guds Lam ikledd nylaga korsatsar av Bernt G. Bøe over salmetonar etter Ane Husby og Tomina Husby og slåttar etter Hallvard Ørsal – alle frå frå Todalskoret si heimbygd. Messa er laga i høve deira kyrkje sitt 150-årsjubileum.
Oddveig Helset Halle spelar orgel og piano.
Under ser du plakaten til songkvelden i Øye kyrkje: