Picasa

Bispevisitas i gang i Surnadal

Biskop Ingeborg Midttømme innleia si visitasveke i Surnadal med gudsteneste i Stangvik kyrkje søndag. Dei komande dagane står ei rekkje arrangement rundt i Surnadal kommune på programmet.

 

Biskop Ingeborg Midttømme heldt preike i Stangvik kyrkje søndag.  (Foto: Konfirmant Thea Kvendset)

 

 

Konfirmantar, dåpsfamilie og ein stor kyrkjestab medrekna biskopen, prost Leif E. Grutle og dei to sokneprestane Bernt Venås og Vidar W. Rygh stod sentralt i den fine gudstenesta. I tråd med biskopens preike om Jesus som hjelpte trengande, trass i reglar og formalitetar, gav kyrkjelyden over 5000 kroner til dei naudramma på Filippinane.

 

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe i Stangvik prestegard. Her vart det bl.a. poengtert at ein bispevisitas ikkje har som mål å «inspisere», men å «inspirere» kyrkjelydane. Seinare på søndagen var programmet lagt til Todalen – med besøk på «Gammelfabrikken» og aftansong i kyrkja.

 

Måndag kveld deltek biskop Midttømme på ope møte i Surnadal Kulturhus om situasjonen for lokalkyrkja etter avviklinga av statskyrkja.

 

Onsdag er det Morgonsong i Mo og songkveld «Frå bedehus og katedral» - med kveldsmat – i Åsskard kyrkje.

 

Morgonsong med skuleelevar i Øye kyrkje innleier torsdagen, som blir avslutta med Kveldssong i Ranes – der også det nyrestaurerte kyrkjeorgelet blir å høre.

 

Innimellom er det møte med kommunen, lokale organisasjonar, sokneråd, skular og andre aktuelle grupper.

 

Biskopens veke i Surnadal blir avslutta med gudsteneste i Øye kyrkje og visitasmøte på Kyrkjelydshuset søndag 24. november.

 

 

Bernt G Bøe