
Rindal: 911 65 565. Surnadal: 416 35 388
Beredskapstelefonar i kommunane
Helsedirektoratet forventar at det i kvar kommune finst eit telefonnummer der råka kan kome i kontakt med kommunen sin beredskapsorganisasjon – og at dette telefonnummeret er gjort kjent. I Rindal er denne kontakttelefonen 911 65 565 til Rindal kommunes beredskapsorganisasjon i anledning terrorhanlingane i Oslo og på Utøya, melder ordførar John Ole Aspli.
I Surnadal er dette nummeret 416 35 388. Da kjem du til teknisk vakt som vil formidle vidare kontakt til beredskapsgruppa. Meir om dette på heimesidene til Surnadal kommune.
Omsorg for råka etter ugjerningane i Oslo og på Utøya
Helsedirektoratet har i dag bede fylkesmennene om å forsikre seg om at kommunane er klare til å gje nødvendig oppfølging til personar som på ulike måtar er råka av ugjerningane i Oslo og på Utøya.
Fylkesmannen har i dag vore i kontakt med Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, og det står klart at ikkje alle kommunane har innbyggjarar som er direkte råka. Alvoret, omfanget og kompeksiteten i situasjonen gjer likevel at forventninga gjeld alle kommunar.
Fylkesmennene er vidare bedne om å opplyse kommunane om at Helsedirektoratet i dag har publisert ein ny rettleiar for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar. Rettleiaren er tilgjengeleg på www.helsedirektoratet.no.