Benedikt med sterk debutsingel
I 2008 vart Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås, Brage Kristian Einum og Stein Boge nummer to i MGP junior med bandet som den gongen heitte The Battery, seinare Batteri. No utgjer surnadalskvartetten og eit knippe musikarvener bandet Benedikt, som fredag gav ut sin første singel, "KMG".
Ingressfoto og øvrige The Sims-figurbilete: Emilie Catrin Korsvold.
Dersom ein har høyrt "KMG", debutsingelen til bandet Benedikt, er det store sjansar for at ein blir gåande og nynne på refrenget resten av dagen. Og nettopp fordi songen så lett festar seg til hjernen, må du nesten sette den på ein gong til. Og då har du det gåande.
For Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås, Brage Kristian Einum, Stein Boge og bandkollegaane i Benedikt treff blink med den lågmælte, men likevel intense førstesingelen sin.
Som med Settem sine andre prosjekt, Whales and this Lake og Jouska, er det spennande å lytte til "KMG", rett og slett fordi Settem er så kreativ, at ein aldri heilt veit kva retning songane tek. På ein god måte.
Det ein veit er at sluttresultatet alltid held høg kvalitet, og slik er det denne gongen og. Dei ulike partia fungerer godt saman, og med eit band på ni personar er lydbiletet utfylt, men heile vegen behageleg.
– Smekklekker og smart låt
Musikk-, film- og serienettstaden Gaffa omtalar "KMG" som "en akustisk smekklekker og smart lo-fi-låt av så høy kvalitet at varsellampene bør gå hos de fleste", og det er vanskeleg å vere uenig.
Benedikt er eit stort ensemble, og består av Hans Olav Settem på vokal og gitar, Stein Boge på gitar og trompet, Brage Kristian Einum på synth og trekkspel, Oddbjørn Sponås på trommer og perkusjon, Sunniva Lilian Shaw-of-Tordarroch på cello, Marit Othilie Thorvik på vokal, Emilie Catrin Korsvold på vokal og trombone, Sindre Skår på bass og Simen Mitlid på banjo og gitar.
Settem har og produsert og miksa "KMG", medan Morten Schouw er medprodusent. Tittelen på låta er ei forkorting for Kongshaug Musikkgymnas, fortel Settem, som tidlegare var elev ved musikkgymnaset.
I 2015 fekk forgjengaren til Benedikt, "Benedikt and friends", gode kritikkar for songen "White queen".
– Forskjellen mellom dei to er at vi har ei litt anna besetning no, og litt annan produksjon. No gjer vi absolutt alt sjølve, i alle ledd. I og med at vi har endra både besetning og bandnamn reknar vi "KMG" som debutsingelen til Benedikt, seier Settem.
Planlegg konsert i Surnadal
Som del av promoteringa av den nye singelen har bandet valt å framstille seg som figurar frå det populære PC-spelet "The Sims". Det er vokalist og trombonist Emilie Catrin Korsvold som står for "The Sims"-figurane, som er imponerande like bandmedlemmane i utsjånad.
Hans Olav Settem fortel til Trollheimsporten at Benedikt kjem til å sleppe ein singel kvar månad framover, før bandet sitt første album kjem ut siste dagen i mai.
– Vi skal spele konsert i Oslo 6. juni, og kanskje blir det eit par konsertar til i starten av juli. Planen er å få til konsertar i både Surnadal og Trondheim etter kvart, seier Settem.
Singelen "KMG" kan høyrast både på Spotify og Soundcloud.
Her kan du lese portrettintervjuet Trollheimsporten gjorde med Hans Olav Settem i romjula.
Hans Olav Settem er ein av fire surnadalingar i bandet Benedikt (Foto: Mathias Falch).