Basar og tombola i Stangvik

Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola i Bordehuset laurdag 22. november kl. 16.00. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til tombolaen. Her kan ein vinne julepynt, hyller og mykje anna.


Anne Ragnhild Nes og Marit Jorid Brennskag ved tombolaen i år også


Elles blir det som vanleg eit stort basarbord med mange flotte gevinstar. 
Om nokon vil konkurrere i pilkast, skyting eller ballkast vil det vere høve til det, og det er svært fine premiar til dei beste kastarane og skyttarane. Stangvik grendalag byr òg på god, heimlaga mat. Tradisjon tru er den gratis. Men sjølvsagt håpar grendalaget at dei som kjem tek masse lodd og kjøper mykje årer på tombolaen.

Tekst/foto: Anita Land


Pilkast er tradisjon. Her er det Christian Madaus som prøver seg i fjor