Basar – lykke for store og små
Fredag gjekk årets Kyndelsmessebasar av stabelen på Rindal Menighetshus. Både unge og gamle samla seg om åresalg med mange trekkingar, praten gjekk livleg rundt borda, og ungane leika seg bakerst i salen.
I kjøkenluka var det godt med mat å få kjøpt til rimelege prisar – trøysta når ein ikkje vann på årene.
Ingen behøvde å gå svoltne heim.
Åresalget gjekk strykande -
- og både kjøpar og selgar var fornøgde.
Kjellaug styrde trekkinga og spreidde stor glede ut i salen.
John Gunnar stråla om kapp med lommelykta som han vann.
Oddny Koksæter hadde ord for kvelden over temaet «Å bli sett».
Johan Helgetun vann seg ein ny venn (ovafor) og den nest yngste, Ola på 4 månader, var kjempeheldig og vann eit fotpleiesett! Når det er loddtrekking lyt ein ta det ein får.
Det var også selt nummer på lister. Det salget var det Mary Ranheim, Astrid Flø og Odny Koksæter som stod for. Trekningslista for listene finn du nedafor.
Mandag vart pengane rekna saman i Rindal Sparebank, og det viste at Kyndelsmessebasaren 2018 samla inn 32 950 kr til arbeidet som Det Norske Misjonsselkap driv rundt om i verda.
- Vi er svært godt nøgde med resultatet og støtta frå bygdefolket, seier Kjellaug Foseide. - Det vart ein fin auke frå i fjor!