Basar i bygdahuset
Bøverdalingane møtte mannjamnt opp på basaren i det gamle bedehuset på Holten søndag ettermiddag. Det er tydeleg at huset er teke vare på som «bygdahus».
Praten over kaffekoppen gjekk livleg. Kaffen og kakene smaka fortreffeleg – og serveringa var endatil gratis! Ved basarbordet hadde Ann Sæterbø det travelt med å skrive nummer i boka. Inntektene går til vedlikehald av det historiske bygget.
Kari Aarnes med gode hjelparar sørga for at alle hadde det triveleg. Og utan forkleinelse for nokon er det vel rett å seie at ho og ektemannen Kjell har mykje av æra for at huset i dag er så skikkeleg ivareteke og kan vera ei felles «stue» for folket i bygda.
«Skal tilfalde beboerne i Bæverdalen»
Bedehuset vart bygd for godt og vel hundre år sia – etter det vi forstår, av ekteparet Randi og Martinus J. Holten. Og av testamentet som dei to oppretta i 1919, går både eigedomsforhold og bruksområde tydeleg fram. Der skriv dei m.a. «at vårt eiende bedehus ... efter vår død skal tilfalde beboerne i Bæverdalen». Slik er det forståeleg at fleire ikkje ønska flytting til bygdemuseet på Åsen, som det kom forslag om for nokre år sia.
Fint innreidd og historisk interessant
Som nemnt har Kari og Kjell Aarnes gjort ein særleg innsats for at huset er så godt i stand og så fint innreidd med mykje eldre, privat inventar. Inntrykket er stilfullt og heilskapeleg – og historisk interessant. Noko av dette går vel fram av bileta vi knipsa.
Gevinstane attmed basarbordet var mange – ikkje minst av heimelag husflid. Så det var glade vinnarar som gjekk heim etter den triveleg ettermiddagen. Og pengane til drifta av huset kjem sikkert vel med.
Vertinne Kari Aarnes (til venstre) kunne gle seg over godt frammøte av triveleg folk på basaren.
Ann Sæterbø (t.h.) var sjef for basarbordet. Både Sissel Gravvold (t.v.) og mange andre kjøpte nummer på dei flotte gevinstane.
På veggen heng dette måleriet av bedehuset – ført i penselen av Olav Gravvold.
Bedehuseigarar og ivrige venner av Det Norske Misjonsselskap, Randi (f. Størset, 1849) og Martinus J. Holten (1840). I 1919 testamenterte dei bedehuset til bygdefolket.
Kjell og Kari har fått mykje vakkert inventar på plass – slik som i denne kråa.
Trøorgelet frå skulestua glir også fint inn i miljøet.
Innsendt av Bernt G. Bøe