Annonse:

Band 3 av «Bygdebok for Surnadal» er her

Band 3 av det nye bygdebokverket for Surnadal er straks klart for sal! Det blir offisiell lansering ved Stangvik oppvekstsenter måndag den 17. desember kl. 19.00, men viss boka kjem oss i hende før, vil det bli  tjuvstarta med boksal alt laurdag 15. og søndag 16. desember. Da vil i så fall folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka.

Boka vi gir ut i år, omfattar området frå Søyset til Hyllbakkan, noko som inneber at vi no er ferdige med Todalen og det området av gamle Stangvik kommune som før vart omtala i band I av dei «Heimar og ætter i Stangvik.  

Også denne boka har blitt til takka vere ein stor innsats frå frivillige. I tillegg har vi fått mange gode bidrag frå huseigarar og lokalbefolkning forøvrig.

Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på lanseringa! Det vil bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne.  Etterpå blir det kaffe og kake, og mulegheit til å gjera seg kjent med eller å få kjøpe boka.

Det vil vera muleg å få kjøpt boka:

Torsdag 20. des. kl. 12-17 på Coop, Skei.
Fredag 21. des. kl. 12-17 på Coop, Skei.

Viss bøkene kjem tidlegare enn venta, blir det boksal også på desse tidspunkta:

Laurdag 15. des. kl. 12 – 17 på Coop.
Søndag 16. des. kl. 14 -17 på Coop.

Bygdebøkene vil dessutan kunne kjøpast på Surnadal folkebibliotek, Notabene Surnadal og hos Hals i Todalen. Nytt av året er at dei også kan kjøpast på Joker i Ålvundfjorden.

bygdabok søyset-hyllbakkan.jpg