- eller var det omvendt?
Bamse på Øye
Ole Mauseth har laga ein flott skulptur av ein bjørnunge. Denne står nå plassert under eit plommetre ved Øye barnehage. Ole har ved fleire anledningar vore i barnehagen og jobba ilag med dei eldste barna. Han hadde lyst til å lage noko for barna i barnehagen. Etter litt tenking landa han på at han ville lage noko som barna kunne leike seg med i barnehagen. Dermed fekk ”Bamse” fast plass i barnehagen frå og med i dag. Vi vil rette ein stor takk til Ole Mauseth, som er ein framifrå kunstnar.
I dag har vi hatt ei lita samling der vi fekk høre historia om den gongen det, for omtrent hundre år sia, vart skote ein bjørn i Surnadal.
Kristin Wiig(tilsett i barnehagen) fortalte historia om bjørnen som vart skoten av hennes bestefar.
T.v. kunstnaren Ole Mauseth.
Ho hadde med seg ei tann frå bjørnen i ei eske og eit bilde av bjørnen og skyttarane.
I tillegg hadde ho med seg ein skistav/bjønnastav som var bruka i gamle dagar.
Etterpå hadde vi høgtideleg avduking av statuen som står på uteområdet på Øye barnehage.
Bamse toler kosing, og den likar det!
Her har vi både Ole og Brum!
Kom og kos med meg!