jenny klinge alvorlig ingr

Avstandane er problemet

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet har lite sans for å samle alle kommunane på Nordmøre i ein storkommune. Dette er eit av alternativa Regionrådet på Nordmøre får utgreidd. Dette skriv NRK Møre og Romsdal på nettsidene sine torsdag morgon.


Tidleg i november legg Telemarksforsking fram sin sluttrapport om kommunestruktur på Nordmøre. Og eit av alternativa er ein storkommune med nesten alle av dagens kommunar på Nordmøre.

Klinge meiner det alternativet er meiningslaust og ikkje noko ho kan støtte.

– Det er ikkje kommunestrukturen som er problemet, men at vi har lange avstandar. Og dei kjem ikkje til å forsvinne sjølv om kommunane blir slått saman.


Avviser ikkje samanslåing

Sp-representanten vedgår at det enkelte stader kan vere aktuelt med kommunesamanslåing, men ein storkommune meiner Klinge er håplaust og meiningslaust.

Sjølv kjem ho frå Surnadal, og det er ein kommune ho meiner har styrke nok til å halde fram som eigen kommune.

Surnadal og Sunndal med felles kommunestyremøte. Men Klinge vil helst at heimkommunen held fram utan samanslåing.

– Det er muleg å tenkje seg ei samanslåing mellom Surnadal og nokon av dei næraste nabokommunane, men eg vil helst at Surnadal skal halde fram som Surnadal, seier Jenny Klinge.


Les heile artikkelen på NRK Møre og Romsdal sine nettsider:  

– Avstandane er problemet, ikkje strukturen

 

Arkivfoto