Avlysning gjev nye sjansar!
Klubben i Utdanningsforbundet ved Surnadal ungdomsskule ser no at anbodsrunden til bygging av ny 1-10 skule på Øye, er avlyst. Vi har fått forståing for at det finst tre «løysingar» for å kome vidare med saka. Vi ønskjer hermed å gjere merksam på korleis vi ser på saka.
Ingressfoto: Sabine Klonk frå NorConsult viser potensielle entreprenørar rundt ved Surnadal ungdomsskule under anbodsbefaringa i desember 2018. Anbodsrunden er no avlyst, og Klubben i Utdanningsforbundet ved Surnadal ungdomsskule kjem i denne uttalen med sitt syn på kva som bør skje vidare (Arkivfoto).
Klubben i Utdanningsforbundet ved Surnadal ungdomsskule ser no at anbodsrunden til bygging av ny 1-10 skule på Øye, er avlyst. Vi har fått forståing for at det finst tre «løysingar» for å kome vidare med saka. Vi ønskjer hermed å gjere merksam på korleis vi ser på saka. Her kjem «løysingane» og våre kommentarar under:
1. Be kommunestyret løyve meir pengar, slik at D1+ kan bli bygd.
– Vi kan ikkje stille oss bak ein slik tanke når vi kvar dag tydeleg får merke på kroppen kor pressa kommuneøkonomien er. Skulen får kvart budsjettår pålegg om innsparingar. I år må SUS stramme inn med rundt 1 million. Kor mykje må sparast neste år, og dei kommande åra? Om kommunen finn pengar til å byggje ein så dyr skule, blir det da att midlar å drive han for?
2. «Barbere» D1+ slik at planane kjem innanfor den vedtekne ramma.
– Slike nedskjeringar er prøvd før i kommunen, med lite hell. I 97-bygget på Øye måtte ein skjere ned på kostnadane. Resultatet vart små og tronge garderobar for elevane. Då ungdomsskulen vart rusta opp for ikkje alt for lenge sidan, måtte også kostnadane ned. Eit resultat vart at dei pengane som var sett av til uteområdet, forsvann. Skiljeveggane som personalet ønskte seg, kom plutseleg også bort. Vi ser ikkje for oss kor det kan kuttast i D1+, da planane allereie er kutta inn til beinet.
3. Byggje ein eigen barneskuledel ved sidan av SUS.
– Dette er ei løysing vi stiller oss bak. Det er denne løysinga vi heile prosessen har sett på som den beste. På denne måten får ein vidareført det vi har jobba for heile vegen, nemleg å ivareta dei ulike skulane sine særpreg, og gje elevane ein tydeleg overgang mellom barne- og ungdomskulen. Med to tette skulebygg er det framleis mogleg å finne gode løysningar for felles administrasjon og sambruk av areal i kjellaren på SUS, denne sambruken som heile tida har vore berande for prosjektet.
Øye treng nye areal, fort. Men ikkje så fort at løysinga blir dårleg for elevane og dei tilsette.
Helsing Klubben i Utdanningsforbundet ved Surnadal ungdomsskule