
med heile 33 deltakarar!
Avløysarkurs ved Surnadal ungdomsskule
Avløysarkurs ved Surnadal ungdomsskule med 33 deltakarar.
Frå 11.-14. februar var det avløysarkurs ved Surnadal ungdomsskule.
Kurset er eit samarbeidsprosjekt mellom skulen, kommunen og Indre Nordmøre landbrukstenester, og vart arrangert femte år på rad.
Det er avløysarlaget som står for opplegget og sørger for dei kreftene som skal til for å arrangera kurset, Surnadal kommune støttar opp økonomisk, og skulen stiller med lærar som heile tida er med under kurset.
Men, bøndene er heilt fenomenale til å stilla opp kvart år.
Som vanleg starta vi med gardsbesøk hos Ola Møkkelgjerd i Klokkargarden. Der var også Sigmund Moen Trønsdal frå Landbruksets HMS med og fortale litt om HMS i landbruket.
Vidare var vi på sauebruket til Magne Heggset, eit like populært besøk kvart år. Magne og Ingrid er like smilande og blid kvar gong vi kjem sjølv om over 30 ungdommar invaderer fjøset deira
.
For at elevane også skulle få sjå eit ”storfjøs” med robotmjølking, var vi dette året på besøk hos Oddvar Mikkelsen på Nordvik. Han og faren Leif Torbjørn tok for seg elevane gruppevis og fortalde litt om korleis roboten verkar, og om drifta generelt.
Men kurset inneheld også ein del anna enn gardsbesøk.
Anitra Lindås frå Tine tok for seg foring av dyr, og veterinær Tone Merete Hoaas hadde om dyrehelsa.
Det største temaet på kurset er mjølking i teori og praksis. Hygieneteknikar May Britt Størset frå Tine underviser både på dagtid og kveldstid.
Alle elevane må prøve å mjølke, så her er vi avhengige av å ”låne” fjøs igjen. Kvart år har vi vore i fjøset hos Jon Gunnar Skei på Sætergarden, men gruppa var så stor at i år måtte vi låne eit fjøs til. Medan May Britt hadde ei gruppe hos Jon Gunnar, underviste Ingmund Halgunset i fjøset til Ragna og Olav Mauset.
I tillegg til desse fire undervisningsdagane må alle ha fem praksiskveldar i fjøs hos ein bonde for å få kursbevis.
Her hadde alle elevane skaffa seg plass sjølv.
Til slutt: Ifølge førelesarane var det ein heilt fenomenal gjeng som gjekk på avløysarkurs i år!!
Tekst: Eli Gulla
Foto: Lars P.Hamnes
Foto: Lars P.Hamnes