skåring

Avgjorde i siste (halv)minutt

Surnadal G16 heldt publikum på pinebenken heilt til det siste. Kampen mot rosakledde Bon Voyage FC enda med seier 2-1 til Surnadal, etter at Sander Smevoll avgjorde me si scoring berre halvminuttet før slutt. Første scoring var signert Jonas Aasbø. Ny kamp for gutane er berre timar unna, onsdag kveld 19.30 på Ekeberg.

skåring.jpg
Det vart ei forrykande avslutning på tidlegkampen på Rustad onsdag. Her jublar Sander Smevoll med lagkompisane etter å ha sikra 2-1 mot Bon Voyage FC, fattige halvminuttet før slutt.



trener.jpg
Trenar Terje Solem gir klar beskjed om kvile, lite sol og mykje drikke for å vere best muleg rusta til kamp nummer to onsdag. Da møter Surnadal G16 eit lag frå Svelgen. Magnus Stormyr (med ryggen til) og Anders Gjerstad Lindvåg (til høgre).

 

 

Tekst og foto: Rita Aarnes (fotballmor)