Arthur Bæverfjord_1024x1371[2]_cropped_855x700

Asfaltarbeid i Bæverfjord

Arthur Bæverfjord brøyter Vollavegen i Bæverfjord og er også godt kjent i Trøvegen. Det har vore store hol i asfalten i begge desse vegane ei god stund og derfor tok han kontakt med kommunen for å få ei løysing på problemet. Dei stilte straks med asfalt slik at hola kunne tettast. Arthur rettar no ein stor takk til kommunen for den positive haldninga han vart møtt med.

Arthur Bæverfjord kan er klar til å møte vinteren etter at hola i Vollavegen er tetta. Foto: Odd Mareno Bæverfjord

Arthur Bæverfjord driv med brøyting vinters tid, og veit godt kva skade hola i vegen kan påføre brøyteutstyret. Han vil særleg rette ein takk til Gunnar Bøe og Kjell Øyen for den positive og imøtekomande haldninga dei møtte han med i denne saka. Sidan kommunen sjølv ikkje såg seg råd for å ordne med bøting av asfalten i år, stilte dei straks med asfalt da Arthur tok på seg å gjera arbeidet. Arthur tykkjer det er sterkt at dei ville vise ein framand person ein slik tillit. Han fekk med seg Odd Mareno Bæverfjord, som ifølgje Arthur bidrog med både kompetanse og entusiasme. Resultatet vart at bilistar og andre no slepp å køyre seg ned i hol etter Vollavegen og Trøvegen.