Vil selje tomter før påske:
Arbeidet med Grytå 2 i full gang
Denne veka starta anleggsarbeidet med det nye kommunale byggefeltet Grytå 2 i Surnadal. – Vi håpar på stor interesse, og fordeling av dei 10 tomtene før sommaren, seier rådmann Knut Haugen.
– Oppstarten med anleggsarbeidet er i rute. No ryddast det skog for å legge stikkrenne gjennom bekken, slik at ein kjem seg over der med anleggsmaskiner, seier Terje Forberg, einingsleiar for kommunalteknikk i Surnadal kommune.
Han fortel at tomtene skal vere byggeklare, med veg, vatn og kloakk, innan 1. august i år.
– Det bør vere rikeleg med tid, når entreprenøren får starte så tidleg som no. Det at vi har vêret med oss gjer at vi har ein vinn-vinn-situasjon her: entreprenørar ønskjer seg meir arbeid på vinteren, medan vi ønskjer å komme i gang med prosjektet, seier Forberg.
Snart vil jordet som skal bli til Grytå 2-feltet vere delt i to av ein veg, og denne skal det lagast fem tomter på kvar side av.
– Avkøyrselen ved Grytvegen 14 har alltid vore kommunal, og no blir den endeleg til ein veg, som den har vore regulert til heile tida, seier Forberg.
Han er godt fornøgd med at arbeidet med å lage veg og nødvendig infrastruktur til tomtene, som vatn, kloakk og strøm, no er i gang.
Tomteprisar klare i april
Også rådmann i Surnadal kommune, Knut Haugen, er klar på at dette er ei skikkeleg gladsak.
– Dette har vore ei gladsak frå første stund, frå vi tok fram ein gammal reguleringsplan og fekk til dette feltet, seier han.
Haugen fortel at tomteprisane skal opp i formannskapet 19. mars, og deretter vedtakast av kommunestyret 4. april.
– Det betyr at tomtene kjem for sal ikkje lenge etterpå. Vi ønskjer å annonsere dei til sals allereie før påske, slik at vi kan treffe folk som er heime på påskeferie, seier rådmannen, og legg til:
– Forhåpentlegvis blir det stor interesse om dei 10 tomtene, og då kan vi fordele dei før sommaren, ut i frå bestillingane som kjem inn. I og med at entreprenøren har frist for ferdigstilling av infrastrukturen 1. august, skal det gå an for kjøparar å jobbe med tomtene etter denne datoen.
Den rosa merkinga til venstre for gravemaskina viser kvar vegen skal gå når den passerar bekken. Vegen blir om lag 200 meter lang, med fem tomter på kvar side.
Drøymer om direkte gang- og sykkelveg
Kommunen har eit ønske om å få knytt saman vegen, som no er under bygging, med Nedre Rønningsveg, som går opp ved Trudvang og Ørabrua.
Å få til dette vil ta tid, ifølgje Forberg og Haugen.
– Det vil nok ligge litt lenger fram i tid, ja, men det er jo eit ønskje vi har, seier Forberg, og får støtte av rådmann Haugen:
– Eg drøymer om at vi skal få til gang- og sykkelveg frå Grytå og direkte ned, slik at ein kjem ut att ved Ørabrua. Det er ein kongstanke vi har, og skal vi realisere den er vi avhengig av dialog med alle involverte grunneigarar.
Slik dialog har allereie vorte oppretta med fleire av grunneigarane, mellom anna Jon Magne Sæter og Ingvar Sæther, fortel Haugen.
– Dei vi har snakka med så langt, har vore veldig positive til å utvikle feltet vidare. Det vil likevel ta tid, ettersom det vil avhenge av å få på plass ei ny reguleringsplan. Og dette er, bokstaveleg tala, snakk om upløgd mark. Så det skjer nok ikkje veldig raskt.
– Veldig fine tomter
Anleggsarbeidet er det sunndalsfirmaet Bredesen Graving og Transport AS som står for. I anbodsrunden, der fem entreprenørar konkurrerte om kontrakten, var dei billigast, fortel Haugen og Forberg.
Bjørge Heggem og Øyvind Bakken er blant dei som er i full sving med arbeidet.
– Vi starta på måndag, og er komne godt i gang, seier Heggem, og viser fram teikningane av det som skal bli ein om lag 200 meter lang veg.
– Det vi gjer aller først er rett og slett å fylle ut med masse, slik at vi kjem oss bortåt- og over bekken, seier Bakken.
Han deler einingsleiar Terje Forberg si oppfatning om at entreprenøren, på grunn av at dei kan starte opp allereie no, har god tid på jobben.
– Etter at vi er over bekken skal det nok gå rimeleg raskt framover, sjølv om det naturleg nok heng litt saman med kva vi finn bortover på andre sida. Er det veldig blautt der, tek det litt lenger tid, men med frist 1. august bør vi ha god tid, ja, seier han, før han ser ut over området der Grytå 2 skal ligge, og seier:
– Dette må då bli veldig fine tomter!
Anleggsarbeidet for å klargjere infrastrukturen til Grytå 2 starta måndag denne veka.
Her kjem det snart 10 nye tomter, og dei skal bli til sals allereie før påske.