Arbeidet med bygdebøkene
Det er planlagt 10 bind med bygdebøker for Surnadal. Det første bindet er for Todalen, og det blir utgjeve i november 2015. I tillegg til det arbeidet som blir gjort av bygdebokkontoret er det lagt ned ein enorm innsats frå frivillige.
Lars Polden, Lilli Husby og Norunn Holten med gamle bygdebøker på biblioteket.
Bygdeboknemnda og bygdebokkontoret
Det er sju personar som sitt i bygdeboknemnda for Surnadal. Det er Marit Granhus Langli, Jon Storløkken, Gudrun Langli Storholt, Inger Johanne Iversen, Lars Polden, Råg Ranes og Lilli Husby. Lilli Husby representerar kommunen, og har økonomisk ansvar og personalansvar for prosjektet.
Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten er ansatt for å skrive og administrere prosjektet. Bygdebokkontoret har no flytta til sokkeletasjen på Kulturhuset, der dei er tilgjengeleg for alle.
Heimar i Surnadal vart utgjeve tidleg på 60- talet. Dei andre bygdebøkene er sist revidert på 70- og 80- talet. Men no blir det gjort eit mykje meir omfattande arbeid, der feil og manglar frå tidlegare bøker skal rettast opp. No blir og gardar og andre bustadar likeverdige.
Todalsboka kjem først
Todalen blir på mange måter eit prøveområde for arbeidet med bygdebøkene. I utgangspunket var det planlagt at Todalsboka skulle komme ut i november i fjor. Men det er svært viktig at det blir gjort eit grundig arbeid med det første bindet, for alle bøkene som kjem etter skal bygge vidare på den første boka. Det har m.a. vore nødvendig å bygge opp eit bustadsregister for heile kommunen før arbeidet med Todalsboka kan fullførast. Ein del av dette arbeidet kunne ein ikkje sjå for seg før arbeidet kom i gang, og det har gjort at utgjevinga av Todalsboka måtte utsetjast med eit år.
Ein annan grunn til utsetjinga er at det blir lagt ned eit enormt frivillig arbeid som skal gje grunnlag for utarbeiding av bøkene. Da kan ein ikkje sette tidsfristar som dei frivillige ikkje kan godta.
Digitalisering og frivillig arbeid
Dette er rekkefølga på bygdebøkene etter utgivelsestidspunkt: Todalen, Stangvik, Mo 1, Mo 2, Øye 1, Øye 2, Ranes 1, Ranes 2, Ranes 3 og Åsskard. Grendene blir inndelt etter geografi i større grad enn tidlegare.
Det hadde vore ønskeleg at Åsskard kunne komme tildlegare i rekka, sidan dei gamle bygdebøkene der er utselt. Men ein er avhengig av digitalisering av kyrkjebøkene først, og dette er eit svært omfattande arbeid. Det er Slektsforum for Indre Nordmøre som arbeider med dette. Det har vore arrangert kurs i korleis gammalt språk og gammal skrift skal tydast. Her kan du lese meir om Slektsforum for Indre Nordmøre.
Eksempel på ei side i ei kyrkjebok frå 1750. Det er ikkje så lett å tyde skrifta og språket her.
10 - 15 personar i Slektsforum for Indre Nordmøre har bruka 13 år på digitalisering av kyrkjebøker så langt. Det kan beregnast til 30 årsverk.
Omtrent 150 personar har vore engasjert i prosjektet. Grendakontaktane har gjort ein stor jobb, for å nevne nokon. Grendakontaktane har og vore på kurs.
Verdien på det frivillige arbeidet som blir lagt ned i bygdebok-prosjektet er beregna til over 14 millionar kroner.
- Det er berre å ta av seg hatten for den enorme verdiskapinga som har vorte dette prosjektet til del, sier Lilli Husby.
Bygger på Hyldbakk-bøkene
Dei nye bygdebøkene bygger i utgangspunket på dei gamle Hyldbakk-bøkene. Men det er ein del feil og manglar i dei gamle bøkene, og ein er avhengig av å kontrollere informasjonen mot kyrkjebøkene, som er dei sikraste kildene ein har. Feil skal rettast, og det skal supplerast med meir informasjon der noko manglar.
- Vi kan bruke alt av kyrkjebøker som er meir enn 80 år gamle, fortel Lars Polden. - Nyare informasjon er ikkje gjort offentleg, av personvernhensyn. Så informasjon frå dei siste 80 åra kjem frå dei gamle Hyldbakk-bøkene og frå skjema som skal fyllast ut av kvar hustand. Vi har kyrkjebøker frå 1700-talet og framover. Nokre av dei eldste kyrkjebøkene er dessverre borte, fortel Lars Polden.
Skjema og Bygdebokportalen
No lanserer dei den nye bygdebokportalen for Surnadal. Her er det enkelt å sende inn endringar, melding om feil og tips til bygdebokkontoret. Bilete kan ein og sende inn, og dei vil bli arkivert. Les meir om den nye bygdebokportalen her.
Tove M Schei og Lilli Husby
Det er svært viktig at alle går igjennom informasjonen for si eiga slekt, og sender inn dette så det blir så rett som muleg.
- På eit tidleg tidspunkt vart det bestemt å sende ut skjema til alle husstandar i heile kommunen, og i dei grendene der det ikkje blir gjeve ut bok med det første, fortel Lilli Husby. - Grunnen er at vi ønsker å nå dei som lever i dag. På 5 - 6 år kan mykje verdifull informasjon gå tapt, sier ho.
Bygdebokkontoret er svært godt fornøgd med responsen på skjemaa som er sendt ut.
- All informasjonen som kjem inn blir lagt inn i eit spesielt database-system, forklarer Lars Polden. - Frå datasystemet får ein ut oversikter over folk og slekt. Desse oversiktene blir fletta inn i dei andre tekstane i bøkene. Derfor blir det ikkje ein forfattar. Det er mange personar som er involvert for å få det ferdige resultatet.
Normalisering og likeverd
Språket vil bli normalisert frå dei gamle bøkene. Gamle ord som ikkje er i bruk lenger blir bytta ut. Det er viktig at språket blir forståeleg.
I dei gamle bøkene er det tydeleg at ikkje alle får like mykje og like god omtale. No blir det lagt vekt på at alle skal omtalast på ein likeverdig og verdig måte.
Forteljing skal koma i høgsetet. Særleg spesielle hendingar som kan ha historisk interesse bør takast med.
No blir det sett ei grense for kven som skal nemnast i bøkene. Utflyttarar blir nemnt, og deira ektefelle og barn, men ikkje barnebarn.
- Hans Hyldbakk var den første som skreiv om husmenn og vanleg folk i bygdebøker, fortel Lars Polden. - Vi vil vidareføre arbeidet i denne ånda.
Ein kan ikkje bruke gardsnavn som etternavn. For fram til ca år 1900 tok folk navn frå den garden der dei budde, og når folk flytta vart det lett uoversiktleg. Det er far sitt navn med -sen og -dotter til slutt som skal brukast som etternavn i bøkene. Det gjer best oversikt.
Forskottering av kostnader
Surnadal kommune har forskottert over 3 millionar kroner til bygdebok-prosjektet så langt. Desse pengane får kommunen att når salget er i gang. Det er forventa høgare inntekter enn utgifter på prosjektet over tid.
Prisen på kvar bok er sett til 550 kr. Kvar bok blir trykt opp i 1500 eksemplar i første omgang.
Ein legg til grunn at mange nok vil benytte seg av høvet til å abonnere på bøkene på nett. Alle vil nok ikkje vil kjøpe papirutgaven. Med teknologien som fins i dag er det heller ikkje så krevande å få til eit nytt opplag dersom behovet melder seg. Da treng ein ikkje å trykke opp store mengder bøker som må lagrast i mange år.
Ny gjennomgang
Det blir ein ny gjennomgang for å få med all ny informasjon og alle som er født fram til boka går i trykken.
Bruk bygdebokportalen.no for å sende inn ny informasjon til bygdebokkontoret!
Dette skriv todalen.no om arbeidet med bygdebøkene: Ny bygdebok for Todalen før jul!